Ingen grupper i det norske samfunnet har så mange fattige som våre nye landsmenn. Kvar femte ikkje-vestleg innvandrar lever under fattigdomsgrensa. Hovudårsak: Dei manglar jobb.

Grått regnskylys siv ned gjennom vindauga i taket. Blandar seg med stoffrørlyset. Midt på golvet i den nakne, gråkvite hallen står ein raud Audi Allroad til over 700.000. — Det er tredje gongen eg er her. Eg hadde aldri kome tilbake viss det ikkje hadde vore bra, for eg er jævlig nøyaktig på det.

Jarle Odland (46) smilar fornøgd. Han har fortalt alle han kjenner om den nye bedrifta i Bjørnsonsgaten. Han vil at dei skal lykkast.

Audien forsvinn i vassgufset frå høgtrykksspylaren. Galvin Ernest går systematisk over heile bilen med spesialmaskina.

27. mai opna han Bergen Bilvask. 400 kroner for å vaske bilen din for hand, innvendig og utvendig.

Kvar millimeter går dei over med sprøyter, støvsugar og filler.

— Det er ikkje noko kjipastoff dei brukar heller, seier Odland.

Han har sjekka.

Ingen jobb, ingen pengar

Då Ernest etablerte Bergen Bilvask hadde han stonga hovudet i jobbsøkjarveggen i fem år. Ei vanleg historie for våre nye landsmenn. I alle høve dei med mørk hud.

Ein av ti førstegenerasjons-nordmenn frå ikkje-vestlege land går arbeidslaus. Afrikanarar toppar lista med 16,5 prosent arbeidslause, mot 2,6 prosent for befolkninga elles.

I eit land der dei økonomiske skilja først og fremst går mellom dei som har arbeid og dei som ikkje har det, er difor mange av våre nye landsmenn fattige.

Ernest er afrikanar. 15 år gammal flytta han frå heimbyen Port Harcourt i Nigeria til England. Så møtte han ei dame og flytta til Bergen. I London dreiv familien hans fleire bilvaskbedrifter. Det er her han har lært kunsten å handvaske ein bil.

«Vi ringjer deg»

Men frå jobb, skule og familie i England hamna han på bar bakke då han kom til Noreg og Bergen.

— I byrjinga var det veldig vanskeleg. Dei sa at du må lære norsk for å få deg jobb. Så lærte eg meg norsk, men då sa bedriftene at «vi har ikkje noko ledig plass. Vi ringer deg».

Ingen ringde. Aetat diska opp med praksisplass på Bergen mek. Verkstad, utan at det gav arbeid etter praksisperioden.

Ernest gjekk òg, som andre arbeidssøkjarar, på Aetats jobbsøkjarkurs.

— Vi skreiv 15 jobbsøknader kvar einaste dag. I to månader! Over 500 søknader!

— Vart du innkalla på jobbintervju?

— Ja, til ei industribedrift. Dei sa dei skulle ringje meg og fortelje når eg kunne byrje å jobbe. Det er eitt år sidan. Dei har ikkje ringt.

Ernest levde på småjobbar, som gav for lita inntekt til at han fekk rett på uføretrygd. For å overleve måtte mannen med grad i bedriftsleiing frå heimlandet Nigeria difor gå på sosialen.

— Eg fekk 10.000 utbetalt. Så gjekk 5500 til husleige. Og så kom straum og andre rekningar.

Men no får han ingenting. Ikkje har han søkt heller, sjølv om du kan få støtte viss inntekta di er under sosialhjelpssatsen. I Bergen vil det seie under 4700 kroner

Kjærasten tok opp lån

— Hei! Skal du vaske bilen!

Ernest har kasta skinnjakka, og røyst seg frå jobben med å vaske vekk ein flekk på døra i Audien med ei fille.

I den dryge timen vi er i hallen som ein gong husa Bergen Jernstøperi, kjem det tre nye kundar som vil ha bilane vaska. Alle har med seg flygebladet som sikrar dei halv pris.

Dei første månadene har han i snitt 5-6 bilar pr. dag. For å klare seg må han ha minimum ti. Det er nok til å betale husleige, straum og lønn til kameraten Hatam, som han tilsette i juli. Han òg innvandrar utan jobb. Egyptar.

Ernest har òg eit lån å betale. For det var ikkje noko offentleg oppstartsstøtte å hente for Bergen Bilvask. Ein arbeidslaus afrikanar får heller ikkje vanlege banklån til slikt.

Difor tok hans norske kjæraste opp eit lån. Saman med pengar frå familien i England skrapa Ernest saman den naudsynte startkapitalen på nær 400.000 kroner. Han føler presset. Veit kva som skjer viss han går konkurs:

— Det blir katastrofe det.

Difor jobbar han frå ti om morgonen til ti om kvelden kvar einaste dag. Sju dagar i veka. Førebels utan å tene noko særleg med pengar.

— Nei, vi har ikkje tent så mykje pengar fordi vi berre har halde på i to månader. Men eg veit at det skal bli betre. Det skal bli bra.

Knut Egil Wang