Det seier stortingsrepresentant Sigrun Eng, A, Buskerud, til Bergens Tidende.

Det sitjande Stortinget har vedteke at Ringeriksbana skal gå etter Åsa-traseen, kostnadsrekna til 4,5 milliardar kroner.

— Vi vil heller at Ringeriksbana skal gå over Kroksund. Då sparer vi ein milliard kroner. Der er nokre miljøkonfliktar der, men det skal ikkje så mykje til for å unngå dei, seier Sigrun Eng.

— Men greier de å få SV med på Kroksund-alternativet?

— Dersom vi løyser miljøkonflikten, er eg sikker på at SV vil gå for Kroksund. Det trur eg Senterpartiet vil og, seier Eng, som sit i samferdslekomiteen.

Sigrun Eng var i Bergen måndag og deltok på årsmøtet i Forum Nye Bergensbanen Det er ein samanslutning av kommunane langs Bergensbanen. Føremålet er å halda varme viktige utbyggingssaker, som Ringeriksbana, Ulrikstunnelen og utbetring av strekningane mellom Bergen og Voss og mellom Nes og Sokna.

Sjansen for Ringeriksbana ligg truleg i at Stortinget går for det billegaste alternativet, og at Stortinget held fast på dei 10 milliardane ekstra til jernbane i Nasjonal Transportplan som Arbeidarpartiet, Frp og SV vart samde om i fjor.

Kristeleg Folkeparti røysta for Åsa-traséen i Stortinget i 2002. Men varaordførar i Bergen, Kristian Helland, som og var til stades på møtet i Bergen, lova å gjera det han kunne for å få sine partifellar på Stortinget over på andre tankar.

Leiar i Forum Nye Bergensbanen, Vossa-ordførar Bjørn Christensen, etterlyste større vilje til å gjera noko med det over hundre år gamle sporet mellom Arna og Voss. Sigrun Eng viste til at i alle fall Arna-Trengereid ligg i transportplanen.

Det var elles otte i forumet for at den nye jernbanetunnelen mellom Bergen og Arna kunne falla bort dersom vegtunnelen på same strekninga vart bygt først.