Bakgrunnen er at Norman har nekta innsyn i søkjarlista til stillinga som fylkesmann i Østfold. Sju personar søkte stillinga, fire menn og tre kvinner. Berre eit namn vart gjort offentleg tilgjengeleg. Det var til overmål ein svenske. Apenes meiner hemmeleghaldet er forkasteleg.

"Lyssky Lahnstein"

— Om ein av desse lysskye kvinner og menn skulle bli utnemnd av Kongen til fylkesmann, har vedkomande allereie for lengst tilkjennegjeve at her skal det ikkje bli nokon liberal offentlegpraksis, seier Apenes til Bergens Tidende.

BT er kjent med at tidlegare Sp-leiar, statsråd og stortingsrepresentant Anne Enger Lahnstein er ein av dei seks som ønskjer å hemmeleghalde søknaden sin. Lahnstein avslår bestemt å svare på noko som helst spørsmål om fylkesmannsjobben. I desember 2001 fekk Administrasjonsdepartementet klar kritikk frå Sivilombodsmannen for å ha nekta innsyn i søkjarlistene på tre embete som fylkesmann.

"Kuvending"

Bergens Tidende er også kjent med at Administrasjonsdepartementet etter det konkluderte med at ein heretter ikkje kunne hemmeleghalde søkjarar til embete som fylkesmann. Det er likevel det statsråd Victor Norman nå har gjort. Statsministerens kontor la om praksisen sin etter å ha fått tilsvarande kritikk frå Sivilombodsmannen i ei klagesak. Bergens Tidende har klaga den nye saka inn for Sivilombodsmannen. Ombodsmannen har teke saka under behandling. Norman hadde frist til i går med å svare, men bad dagen før om å få utsett fristen.

"Prokuratorknep"

Spørsmålet nå, er om Norman har tenkt å kome ombodsmannen i forkjøpet ved å gjennomføre ei utnemning før ombodsmannen kjem med konklusjonen sin.

— Dersom det skulle skje, vil det i tilfelle vere det vi kallar eit "prokuratorknep", seier Apenes til Bergens Tidende.

Apenes meiner tilliks med dei tidlegare stortingsrepresentantane Tom Thoresen og Gunnar Skaug, alle frå Østfold, at det bør herske fullt innsyn i søkjarlistene på så viktige stillingar.

"Undergrev ombodsmann"

Hemmeleghaldet nå har ført til ein straum av protestar i avisene i Østfold. Mellom dei som har protestert, er ein tidlegare fylkesskulesjef i fylket, Erling Ch. Olsen. Han seier rett ut at Administrasjonsdepartementet si haldning inneber ei "undergraving av Sivilombodsmannen".

Olsen meiner departementet si haldning vil gje signaleffekt og ha konsekvensar for i kva grad kommunar og fylkeskommunar heretter treng bry seg med kva sivilombodsmannen og andre tilsynsorgan meiner.

Sivilombodsmann Arne Fliflet opplyser til BT at han har merka seg synspunkta.