Den sentrale arbeidarpartipolitikaren meiner det ligg til rette for eit politisk tidsskifte dersom Lilletun vinn kampen om makta i Kristeleg Folkeparti.

— Det blir i så fall mykje lettare å få til eit forpliktande samarbeid mellom Ap og KrF enn det har vore til denne tid. Han har iallfall eit betre forhold til oss enn Kjell Magne Bondevik og Valgerd Svarstad Haugland har hatt. Dagfinn Høybråten, som og ser ut til å vera kandidat til å overta, kjenner eg mindre til, seier ho.

— Eg vonar inderleg at vi kan samarbeida meir med KrF, og det ser ut til å vera eit gjensidig ønskje. Dei er jo heilt frå seg av glede, og dei veit nesten ikkje kva fot dei skal stå på etter budsjettforliket! humrar Frøiland.

Også åtvaringar

— Det kjem likevel åtvaringar til dykk frå fleire hald i KrF. Dei ber om at de sluttar å provosera partiet på hjartesaker som kontantstøtta og friskular?

— Dersom dei meiner at vi skal endra politisk standpunkt, er det eit fåfengt ønskje. Vi kjem aldri til å gå inn for kontantstøtta, for vi kan ikkje endra haldning i eit så viktig prinsippspørsmål. Også KrF må ha respekt for at vi er to ulike parti.

Når det gjeld synet på privatskular, som eg heller vil kalla dei, har vi akseptert at dei er eit tilbod som mange ser seg tent med. Men frå Arbeidarpartiets side er det viktigare å gjera den offentlege skulen så god som mogleg.

Utelukkar skattelette

— Kan vi gå ut frå at det vert eit nytt budsjettforlik etter same lesten neste haust?

— Det kan jo henda, men det er slett ikkje sikkert at Høgre vil lika det. For oss er det umogleg å vera med på å gje meir skattelette.

— Er målet deretter å få KrF som støtteparti for ei ny Ap-regjering etter valet i 2005?

— Vi vil arbeida for å koma i regjeringsposisjon att, med støtte frå eit fleirtal i Stortinget. Både KrF og SV ligg så pass nær oss at det bør vera realistisk.

— Kan det til og med bli aktuelt å ha KrF med i regjeringa?

— Det er vanskeleg å sjå for seg eit direkte regjeringssamarbeid. Men vi vil gjerne ha KrF med «på laget», med tanke på å skaffa regjeringa parlamentarisk støtte, seier Ranveig Frøiland, som sjølv har sagt frå seg attval om to år.