Det er to saker frå det siste året som har vekt kvasse reaksjonar:

For første gong i nyare tid har Riksrevisjonen opplevd å bli nekta innsyn i eit dokument som revisjonen har kravd innsyn i for å utføre kontrolloppgåvene sine.

Ville hindre innsyn

For det andre gjeld det framlegg frå Stoltenberg-regjeringa om direkte nekting av innsyn for Riksrevisjonen.

Desse sakene kjem i tillegg til at Stoltenberg-regjeringa i det siste året har nekta Sivilombodsmannen, det andre av Stortinget sine kontrollorgan, innsyn i dokument han har kravd innsyn i.

Stoltenberg-regjeringa freista også å dirigere saksbehandlinga ved ombodsmannen sitt kontor. Men her måtte regjeringa bøye av etter at ombodsmannen slo i bordet.

Brustad får på pukkelen

Det var nyleg avgått kommunal— og regionalminister Sylvia Brustad som sto for «nybrottsarbeidet» ved å nekte Riksrevisjonen innsyn i ei konkret sak.

Det gjeld eit notat frå Regionalpolitisk avdeling i departementet om «SIVA - framtidig organisering og geografidimensjon». SIVA står for det statlege Selskapet for industrivekst.

Riksrevisorkollegiet påtalar forholdet i sterke ordelag i ein rapport som før helga vart levert til Stortinget.

«Alvorleg sak»

Riksrevisor Bjarne Mørk-Eidem, som sjølv er tidlegare stortingsrepresentant og statsråd for Ap, slår nå fast at dette er ei alvorleg sak. Det er første gong at han i sine 12 år som riksrevisor opplever å bli nekta innsyn i eit dokument som Riksrevisjonen krev innsyn i.

— Vi kan ikkje utøve den kontrollfunksjonen vi som Stortinget sitt kontrollorgan er pålagd, dersom vi ikkje får det innsynet vi meiner vi må ha. Vi kan ikkje utøve kritisk revisjon dersom den som skal kontrollerast kan bestemme kva vi skal få innsyn i, seier Mørk-Eidem.

Den andre saka sto heile Stoltenberg-regjeringa bak:

Lovforbod mot innsyn

I april i år sendte statsminister Jens Stoltenberg på vegne av regjeringa brev til presidentskapen i Stortinget. Her tok han til orde for å innføre lovmessige hindringar for Riksrevisjonen sin innsynsrett.

I forslag til lovtekst for ny lov om Riksrevisjonen fremjar Stoltenberg fylgjande framlegg:

«Riksrevisjonen har ikke krav på å gjøre seg kjent med regjeringsnotater, referater fra regjeringskonferanser eller interne dokumenter som leder fram til regjeringsnotater. Riksrevisjonen har heller ikke krav på å få gjøre seg kjent med dokumenter for Regjeringens eller departementets interne saksforberedelse som gir til kjenne overveielser av politisk karakter i en sak. Departementet skal vurdere om dokumentet likevel kan gjøres helt eller delvis kjent for Riksrevisjonen.»

Stoltenberg skriv så at dersom eit dokument kan unntakast på dette grunnlaget, kan Riksrevisjonen heller ikkje krevje opplysningar om vurderingar av politisk karakter som dokumentet inneheld.

Framlegget frå Stoltenberg-regjeringa inneber ei klar tilstramming i høve til dagens system.

Ifylgje den rapporten som riksrevisorkollegiet har overlevert til Stortinget, har det tidlegare i praksis berre vore reine regjeringsnotat som har vore unnteke frå innsyn.

Alvorleg perspektiv

I Riksrevisjonen trekker ein parallellar til revisjonen i private verksemder: Ein revisor som ikkje får fullt innsyn i alle dokument han krev innsyn i, vil ikkje kunne underteikne ei revisjonserklæring. Han må eventuelt seie frå seg revisoroppdraget. Aksjonærane ville neppe akseptere ein slik situasjon.

Samstundes blir det overfor Bergens Tidende peika på at det etter norsk lov er straffbart å vanskeleggjere eller hindre lovbestemt kontroll.

Det er nå opp til Stortinget å reagere, påpeikar riksrevisor Bjarne Mørk-Eidem.