— Kvinnene i offentleg sektor er ei av kjerneveljargruppene til SV. Slik har det vore lenge. Når eit parti aukar oppslutninga, slik SV har gjort, aukar også oppslutninga frå kjerneveljarane, seier valforskar og professor Anders Todal Jenssen, ved Universitetet i Trondheim, til Bergens Tidende.

Meiningsmålingar som Norsk Gallup har utførd for TV 2, syner at Ap nå har ei oppslutning på 28 prosent av dei med høgre utdanning i offentleg sektor medan SV har 30 prosent. Mellom andre i offentleg sektor har Ap tilslutnad på 30 prosent, Frp har 27 prosent medan SV har 32 prosent.

Frontalåtak mot Ap

I går rykka to tillitsvalde i helsesektoren, Thorvald Steen og Are Saastad, ut med eit frontalåtak mot Ap. (Steen er tidlegare leiar i Forfatterforeningen). Dei skulda Ap for å å ha gjennomførd eit komplott mot SV-aren Gunnhild Johansen, som var nestleiar i Kommuneforbundet under bergensaren og Ap-mannen Jan Davidsen, inntil omdanninga til Fagforbundet i juni.

Dei to tillitsvalde meinte å ha grunnlag for å hevde at «komplottet» var regissert av LO-leiar Gerd-Liv Valla, Jan Davidsen og Ap-leiar Jens Stoltenberg.

Motivet skulle vere at Johansen har vore for kritisk og ynskt frigjering av forbundet frå Ap og dessutan hard motstandar av sjukehusreforma.

- Ap taper

— Vi er overtydd om at Ap taper stort i oppslutnad i offentleg sektor, og ikkje minst mellom kvinnene i helsesektoren, på grunn av haldninga til sjukehusreforma, seier Are Saastad til Bergens Tidende. Han er leiar for Fagforbundet si avdeling på Gaustad sjukehus i Oslo. Han har tidlegare arbeidd sentralt i Kommuneforbundet.

— Eg kan illustrere dette ved å vise til mange tidlegare trufaste Ap-veljarar i helsesektoren og tillitsvalde, som har vendt Ap ryggen på grunn av sjukehusreforma, seier Saastad.

Saastad seier at Ap ikkje berre har mista mange til SV, men også til Frp som også for mange framstår som eit betre alternativ enn Ap.

«Fare på ferde»

Saastad meiner det er fare på ferde for Ap i offentleg sektor og spesielt mellom medlemene i det nye Fagforbundet.

Det blir eit forbund med nesten 300.000 medlemer, dobbelt så stort som Fellesforbundet.

— Kommuneforbundet har vore Ap sin kanskje viktigaste maktbastion. Men medlemene vender nå Ap ryggen, seier Saastad.

Han meiner også at Jens Stoltenberg demonstrerer at han er heilt utan vilje til sjølvransaking når han i ein avisartikkel nettopp einsidig rettar kritikk mot regjeringa for situasjonen i sjukehussektoren.

— Stoltenberg gjekk sjølv til val i 2001 på sjukehusreforma som viktigaste kampsak. Mange veljarar vendte han ryggen den gongen. Det kom fram under valdagsmålingane som vart gjort.

— Reforma er blitt ein viktig reiskap til å administrere kutt i Helse-Noreg. Helseforetaka gjennomfører nå ei storstila sentralisering av sjukehustilbodet. Avdelingar og sjukehus blir lagt ned og mange lokalsamfunn blir hardt råka.

Ein vidare konsekvens blir at pasientane blir delt i ein A- og ein B-klasse, seier Saastad.

Svært kritisk

Partiveteranen, Reiulf Steen, er svært kritisk til Ap si haldning til sjukehusreforma:

— Det vart sagt at reforma vart gjennomførd for at staten skulle overta fylke sitt ansvar for sjukehusdrifta. Men det viktigaste som har skjedd, er at sjukehusa er omdanna til foretak – helseforetak – etter reine kapitalistiske prinsipp. Foretaka er stengde for innsyn. Dette er heilt utilfredsstillande.

Steen kan fortelje at han har vore ein stor del av dette året på sjukehus, som pasient.

— Eg er full lovord og respekt for dei som arbeider i helsevesenet. Det er jamt over radikale menneske - uavhengig av kva dei røystar.

— Det er samstundes eit faktum at Ap har mista og SV har vunne tilslutnad frå helsepersonell. Dette bør partiet ta inn over seg, seier Steen.