To av statsrådane i Jens Stoltenberg si regjering har gått direkte over til direktørstillingar i NHO, Næringslivets Hovedorganisasjon.

Det gjeld miljøvernminister Siri Bjerke og fiskeriminister Otto Gregussen. Bjerke er blitt direktør i NHO sentralt, Gregussen regiondirektør.

Begge vart etter det Bergens Tidende kjenner til, handplukka av NHO, utan utlysing og utan bruk av konsulent.

«Vonde tunger» seier til Bergens Tidende at føremålet sjølvsagt var «å øydelegge for Ap».

«Bannlyst»

— Det har skjedd ei stor kulturforandring i Ap-eliten i forhold til tidlegare. «Å krøsse golvet», å skifte side i arbeidslivet, var tidlegare bannlyst. Nå går det tydelegvis an, seier valforskar og tillitsvald i Ap, Frank Aarebrot, til Bergens Tidende.

Aarebrot noterer som eit interessant poeng at NHO plukkar direktørane sine sjølv utan å overlate dette til såkalla hovudjegarfirma.

Aarebrot er ikkje sikker på korleis slike overgangar verkar for Ap og veljaroppsluninga.

— Men i den grad det har nokon verknad, så må den vere negativ. Det er i alle fall ikkje godt å sjå korleis dette skulle ha nokon positiv verknad, seier Aarebrot.

Fekk fylgje

Bjerke sin statssekretær, Stein Lier-Hansen, gjekk til direktørstilling i PIL, Prosessindustriens Landsforening. Eit ekstra paradoks er at han kom frå jobb som direktør for Direktoratet for naturforvaltning, vart miljøvernsjef i departementet og så gjekk til PIL som organiserer fleire av dei verste forurensande bedriftene.

Justisminister Hanne Harlem gjekk til direktørstilling i Norsk Hydro. Bistandsminister Anne Kristin Sydnes, gjekk til stilling som spesialrådgjevar i Statoil.

Næringsminister Grete Knudsen og helseminister Tore Tønne har starta eigne konsulentfirma. Begge har hatt eit tett forhold til milliardæren Kjell Inge Røkke. Tønne har nå oppdrag for Røkke-systemet og er ein av «Røkke sine menn» i det nye styret i Kværner der Røkke har bukta og begge endane.

Her sit Tønne forresten saman med den avgåtte LO-leiaren, Yngve Hågensen, som tilliks med Grete Knudsen framleis er medlem av sentralstyret i Ap.

Terje Moe Gustavsen var leiar for LO stat inntil han vart statsråd. Nå har han gått over til arbeidsgjevarsida og blitt spesialrådgjevar i NAVO, ei samanslutning for offentlege arbeidsgjevarar.

Fleire av dei tidlegare statssekretærane i Stoltenberg-regjeringa, er også trygt plassert i stillingar der overgangen tidlegare ville vekt reaksjonar.

Leiaren i Norsk Kommuneforbund, bergensaren Jan Davidsen, har kritisert desse overgangane i sterke ordelag.

— Eg er oppgitt over at slikt skjer. Eg likar det ikkje, har Davidsen uttala. Han sat tidlegare i fleire år i sentralstyret i Ap.

Kritikk mot Ap

Aarebrot meiner det er grunn til å kritisere Ap for manglande drøftingar av slike overgangar. Sjølv reagerer han mest mot at politikarar går frå sentrale politiske stillingar, som statsrådar, over i rein lobbyverksemd for å tene eigne og andre sine interesser ved å utnytte dei nettverka dei har bygd opp gjennom politikken.

Han trekker fram tilfellet Kjell Opseth, som har gjort nettopp det, og spør: Kven eig nettverka? Burde ein ikkje ha nokon slags karantenereglar slik dei har hatt i IT-bransjen?. I gate med Opseth kjem tidlegare industriminister for Ap, Finn Kristensen. Han har i mange år tent godt på å selge råd til næringslivet.