• Hardangerbrua er ikkje omstridd i Arbeiderpartiet lenger. Det var vi som pressa på for å få brua på transportplanen. No vil vi fullføra med å vedta ho i Stortinget.

Det er Ap-leiar og statsministerkandidat Jens Stoltenberg som seier dette til Bergens Tidende. Torsdag kveld var Stoltenberg ein snartur innom Sunnhordland for å opna Etne-marknaden og helsa på partifolket. Samstundes nytta han høvet til å markera at Arbeidarpartiet i Hordaland ikkje lenger er isolert frå resten av partiet i Hardangerbru-saka.

Jens Stoltenberg stadfester dermed direkte overfor BT det som Sigrun Eng og Oddbjørg Ausdal Starrfelt frå samferdslekomiteen sa for vel ei veke sidan. Nemleg at Arbeidarpartiet har snudd frå nei til Hardangerbrua i 1996, til ja i 2005.

— Det er ei heilt anna sak denne gongen. I 1996 konkurrerte Hardangerbrua med andre store prosjekt i Hordaland. Dessutan er finansieringsplanen, så langt vi kjenner han, mykje betre denne gongen.

Til å lita på?

— Det som hende i 1996, då eit samla Arbeiderparti utanom Hordaland sa nei til Hardangerbrua, skapar likevel ein viss nervøsitet i Indre Hardanger. Folk spør seg om Arbeidarpartiet er til å lita på. Lars Sponheim seier rett ut at folk ikkje må tru på Arbeidarpartiet. Kva seier du til det?

— Eg vil berre minna om at regjeringa som Sponheim er medlem av ikkje nemnde Hardangerbrua med eitt ord i framlegget til Nasjonal Transportplan. Og det endå Stortinget hadde vedteke at brua skulle utgreiast på nytt. Det var Arbeidarpartiet som måtte ta initiativ for å få Hardangerbrua inn i Nasjonal Transportplan. Det greidde vi i fjor, og no vil vi fylgja dette opp, seier Jens Stoltenberg.

Men også Jens Stoltenberg tek atterhald om at den oppsette finansieringsplanen må halda. Selskapet Metier Scandinavia hadde frist til 1. august med å levera ein gjennomgang av finansieringsplanen. Selskapet har ikkje greidd å halda den fristen. Politisk rådgjevar Sverre Molandsveen opplyser til BT at selskapet etter avtale leverer kvalitetssikringsrapporten «om kort tid». Molandsveen opplyser samstundes at innhaldet i kvalitetssikringsrapporten ikkje vert offentleggjort før proposisjonen om Hardangerbrua vert lagt fram for Stortinget. Samferdsleministeren har lova at prop.en skal leverast til det sitjande Stortinget. Men handsaminga og vedtaket i saka kjem i det nye Stortinget.

Vil gjerne kommentera

Det er Hardangerbrua AS som er formelt ansvarleg for den oppsette finansieringsplanen som Metier Scandinavia har granska. Finansieringsplanen har ei ramme på 1,7 milliardar kroner. Men tiltakshavaren, Statens vegvesen, har levert storparten av premissane, som handlar om byggjekostnad og trafikkgrunnlag.

Styreleiar i Hardangerbrua AS, Einar Lutro, reknar med at både dei og Statens vegvesen får høve til kommentar og innspel dersom Metier Scandinavia sin kvalitetssikringsrapport syner vesentlege avvik frå utgangspunktet.

— Eg har freista å oppnå kontakt med Samferdsledepartementet om dette, men så langt har eg ikkje eingong fått eit svar, seier Lutro til BT.