I valåret 2005 mottok Arbeidarpartiet 14,2 millionar kroner i overføringar frå organisasjonane i arbeidslivet. Det utgjorde nær 12 prosent av pengane partiet hadde å rutte med.

Skrikande misforhold

SV som var den andre store mottakaren av pengar frå fagrørsla, fekk i 2005 nær 1,7 millionar kroner.

Ytingane til desse to partia står i eit skrikande misforhold til korleis LO-medlemene faktisk røystar.

Ifølgje ei meiningsmåling Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund fekk gjennomførd i januar, ønskjer 73 prosent av arbeidstakarane i landet at fagorganisasjonane skal vere partipolitisk nøytrale. Undersøkinga vart gjennomførd i januar og kan difor vere påverka av bråket rundt LO-leiar Gerd-Liv Valla.

Ved stortingsvalet i 1965 røysta 70,4 prosent av LO-medlemene på Ap. Ved valet i 1969 røysta heile 75,1 prosent av LO-medlemene på Ap.

Ved stortingsvalet i 2001 var oppslutnaden om Ap berre 32,8 prosent mellom LO-medlemene. Nest størst var Høgre med 18,1 prosent. SV fylgde deretter med 16,5 prosent.

Det ligg ikkje føre endelege samanliknbare tal frå stortingsvalet i 2005. Men forskingsleiar Bernt Aardal ved Institutt for samfunnsforskning seier at oppslutnaden om Ap då tok seg kraftig opp mellom LO-medlemene.

LO dominerer i Frp

Ei undersøking som Norsk Samfunnsvitskapeleg Datateneste gjennomførde i 2005 syner at oppslutnaden om Ap mellom LO-medlemene då var 41,7 prosent. Frp var oppe på andre plass med 17,7 prosent og SV på tredje plass med 7,5 prosent.

Denne undersøkinga er ikkje heilt samanliknbar med tala i veljarundersøkingane over.

Den same undersøkinga viser at heile 55,2 prosent av Frp sine veljarar i 2005 var medlemer av LO. 54,9 prosent av Ap sine veljarar er medlemer i LO. 45,5 av KrF sine veljarar er også medlem i LO medan 40,3 prosent av SV-veljarane er LO-medlemer. På topp ligg RV med 72,7 prosent av veljarane organisert i LO ifølgje undersøkinga.

— Dette betyr at Frp-veljarane også er potensielle Ap-veljarar, seier Atle Alvheim ved NSD.

Undersøkinga viser elles at Venstre er det partiet som har prosentvis størst oppslutnad mellom fagorganiserte i Akademikerne. 17,6 prosent av Venstre-veljarane er medlemer der. RV toppar mellom YS-medlemene. Heile 18,2 prosent av RV-veljarane er tilslutta YS.

MORTEN HOLM, SCANPIX (arkiv)