Det er venta hard tautrekking om samansettinga av valkomiteen og ikkje minst om den viktige posten som leiar for komiteen. Dette gjeld sjølv om Jagland i går uttala at han ikkje venta stor usemje om samansettinga av valkomiteen.

I går nøgde sentralstyret seg med å diskutere prinsipp for korleis landsstyremøtet og arbeidet i komiteen skal leggjast opp.

Geografisk og kjønnsmessig fordeling er viktig for samansettinga av komiteen, som får ni medlemmar, opplyste Jagland etter sentralstyremøtet.

Yngve Hågensen var som LO-leiar formann i valkomiteen då Jagland vart vald som leiar i 1992. Dagens LO-leiar, Gerd Liv Valla, har uttala at både Stoltenberg og Jagland ligg for langt til høgre. Det kan ha svekka sjansane hennar til å bli leiar for komiteen.

I staden er to tidlegare finansministrar lansert: Fylkesmann Sigbjørn Johnsen og direktør Gunnar Berge i Oljedirektoratet.