VIDAR YSTAD

Oslo

Denne bodskapen sendte tidlegare LO-leiar Yngve Hågensen til det norske folket via TV2 i går kveld. Det skjer to og ein halv månad før Jens Stoltenberg skal veljast til ny partileiar i Ap — etter Thorbjørn Jagland.

Nederlaget for Stoltenberg for 10 år sidan skulle forklare mykje av det som har skjedd internt i partiet i løpet av åra som har gått sidan Gro Harlem Brundtland gjekk av som partileiar.

Kameratar?

Hågensen var sjølv leiar i valkomiteen på det landsmøtet som valde Jagland til partileiar i 1992. Stoltenberg var Gro Harlem Brundtland sin kandidat. Hågensen gjekk inn for Jagland.

I dag opnar Jagland eit to dagars landsstyremøte i partiet, to og ein halv månad før han går frå borde. Då får han høve til å brodere ut meir om vurderingane sine om årsakene til Ap-krisa.

Programmet, som hadde fått tittelen «KameratAR», handla om maktkampen som har rast i Ap mellom Stoltenberg og Jagland.

«Moldvarpar»

Jagland sa i TV-programmet at han har vore utsett for åtak og bakvasking frå alle kantar. Grete Knudsen hevda at det var moldvarpar i partiet. Medan Hågensen hevda at han trudde ikkje at det var så mange element i Ap som hadde liten respekt for partidemokratiet, som det han faktisk hadde opplevd.

Jagland hevda at han ikkje har hatt noko behov for å delta i ein maktkamp sidan han fem gongar ved akklamasjon er blitt vald og attvald som partileiar.

Hågensen sa i går at han vonar at det nå blir slutt på den ukulturen ein har sett i partiet i dei siste åra.

Stoltenberg svara unnvikande og lika seg tydelegvis dårleg med dei spørsmåla han fekk om maktkamp og eiga rolle.

Både Hågensen og Grete Knudsen, som i alle år har vore to av Jagland sine næraste våpendragarar, stempla Jens Stoltenberg både direkte og indirekte gjennom det dei sa i TV-programmet. Jagland var derimot ifylgje Knudsen, «eit sjeldant talent».

Harde utfall

To av dei som deltok i programmet, kritiserte Jagland i sterke ordelag. Det var dei tidlegare statsrådane, Grete Berget og Grete Faremo. Faremo skildra Jagland som «den einsame ryttaren», som skaper rot og kaos.

Faremo hadde eit sterkt motiv for å kritisere Jagland. Ho har aldri kome over at Jagland i 1996 tvang henne til å gå som statsråd på grunn av overvakingspolitiet si etterforsking mot Berge Furre.

Men Berget og Faremo sine åtak mot Jagland vart meir enn oppvegd av kritikken frå Hågensen og Knudsen.

Hågensen fekk spørsmål om Stoltenberg hadde vore ein god statsminister.

Til det svara han at det spørs på kven ein samanliknar med, før han la til at han var ein betre finansminister og olje- og energiminister.

Sterkare kritikk skal ein leite lenge etter. Hågensen utleverte også Stoltenberg på fleire andre måtar.

Kampanje mot Jagland?

Hågensen ville ikkje svare direkte på om han meinte Jens Stoltenberg hadde vore involvert i eit løp for å fjerne Jagland. Han hadde ikkje «bevis».

Men det han visste, sa han, var at Stoltenberg kunne ha stoppa det, om han hadde villa.

Og Grete Knudsen sa at ho er usikker på om Jens kunne vere heilt uvitande om det som skjedde rundt han.

Til dette hadde Stoltenberg denne kommentaren:

— Det biletet kjenner eg meg ikkje att i. Han la til at partiet har hatt problem - at nokre partifeller har hatt kontakt med media, nokre har ringt rundt, nokre har stått fram, andre har opptrådt anonymt. Han vedgjekk at dette kan ha skjerpa problema, men han tok ikkje noko ansvar.

Inga «dolking»

I går vart fjernsynsprogrammet førehandsomtala og utlagt som at Jagland gjekk til frontalåtak mot og dolkar Stoltenberg. Det er ei sterkt misvisande framstilling av kva Jagland faktisk sa i programmet.

I programmet viste Jagland til kva somme medie og kommentatorar hadde påstått medan han sjølv var både partileiar, parlamentarisk leiar og statsministerkandidat: At Ap hadde eit kommunikasjonsproblem og at partiet sine problem ville bli løyst berre Stoltenberg, som ein langt betre kommunikator, fekk overta.

VG hevda til dømes at Ap ville få 400.000 fleire veljarar om Stoltenberg erstatta Jagland.

«Kommunikatoren»

Alle problem for Ap ville bli løyst om «Den store kommunikatoren» - det vil seie Stoltenberg - overtok, refererte Jagland i går.

Jagland påpeika det han tidlegare har sagt, og som landsstyret i partiet tidlegare har slutta seg til, at det er politikken og bodskapen til partiet det er noko i vegen med. Dette understreka han ved å vise til at med Stoltenberg som frontfigur fekk partiet berre 25 prosent ved siste stortingsvalet. Då han sjølv var frontfigur oppnådde partiet 35 prosent.

Jagland hevda at han var nokså sikker på at han ville ha blitt vald op ny som partileiar om han hadde stilt til attval, med Jens Stoltenberg som motkandidat.

Kollapsen

I programmet fortalde Jagland også om då han kollapsa og vart sendt i all hast til Rikshospitalet. Beina svikta under han, og han kraup inn på kontoret sitt i Stortinget og vart liggande. Og då han kom til Rikshospitalet, hadde legane sagt til han at han skulle ha kome til Rikshospitalet for mange år sidan på grunn av den medfarten han hadde fått over år.

Valforskar og tillitsvald i Ap, Frank Aarebrot, gjev Jagland rett i at han har vore utsett for ei verre behandling enn andre politikarar.

PIRRANDE OPPTAKT: Thorbjørn Jagland og Jens Stoltenberg skal i dag innleie på landsstyremøtet i Arbeidarpartiet. Gårsdagens TV-program på TV2 om maktkamp og intrigar var ein sjeldant pirrande opptakt