Dette kom fram då Ap-leiar Jens Stoltenberg møtte pressa etter at han i går hadde presentert utkastet til program for landsstyret i partiet.

— Det vi har presentert er vårt program. Vi kan ikkje legge inn i programmet vårt det som måtte vere eit kompromiss i eventuelle regjeringsforhandlingar med dei to andre partia, forklarte Stoltenberg.

Gasskraftmotstand

Både SV og Sp har ei anna haldning enn det som framgår av programutkastet til Ap.

— Ap er eit stort og mangfaldig parti, og vi har synspunkta til SV og Sp godt representert i vårt eige parti, sa Stoltenberg. Mellom anna har sentralstyremedlemene Anniken Huitfeldt og Gry Larsen teke dissens i sentralstyret.

Partiet har nå både laga eit nytt prinsipp-program og eit arbeidsprogram for komande stortingsperiode. Programmet har fått namnet «Ny solidaritet». Det er meint å gje uttrykk for at det er behov for å skape solidaritet der den i dag ikkje finst, og at det er behov for å fornye innhaldet.

Klare vilkår

Stoltenberg gjer det nå klart at Ap ikkje er villig til å inngå avtale med Regjeringa om ein pensjonsreform utan at følgjande tre vilkår blir innfridd:

  • Ei ordning med avtalefesta pensjon på line med i dag blir oppretthalden.
  • Alle offentleg tilsette skal framleis ha ei pensjonsordning som sikrar 2/3 av løna i pensjon.
  • Alle tilsette i privat verksemd blir sikra tenestepensjon.

I programutkastet, som skal behandlast på landsmøtet i april, går partiet mellom anna inn for:

Ap vil også:

  • erstatte dagens fylkeskommunar med større regionar som blir styrt av eit direktevald regionting.
  • slå saman kommunar, så langt det er råd på friviljug basis, men med opning for å bruke tvang dersom det er fleirtal mellom innbyggarane i dei aktuelle kommunane.
  • gå mot delprivatisering av Statkraft og Statskog.
  • opne for forsking på stamceller ved å endre lova.
  • avvise framlegg om auka bruk av mellombels tilsetjing og stramme inn reglane om auka overtidsbruk.
  • motarbeide sosial dumping. Krevje at det offentlege stiller krav om norske løns- og arbeidsvilkår ved offentlege oppdrag.
  • lovfeste rett for deltidstilsette til å utvide stillingane sine ved nytilsettingar.
  • utfase kontantstøtta når målet om full barnehagedekning er nådd og alternative ordningar er på plass. Det kan tidlegast skje i 2008.