Ap har funne i hop med H og KrF, medan Frp fylgjer SV og Sp.

SV, Sp og Frp meiner at overskridinga på heile 1,16 milliardar kroner kjem av «manglende styring fra forsvarsministerens side» og «manglende overblikk og kontroll hos de avdelinger i Forsvarsdepartementet som er satt til å føre tilsyn med utviklingen og kontrollen av drift og investeringer i Forsvaret».

Dei same tre partia «ser med bekymring på at Forsvarsdepartementet ikke innser ansvaret for den oppståtte situasjonen og frykter at den videre driften og omstillingen av Forsvaret vil være skadelidende av dette for resten av langtidsperioden».

Ap deler ikkje denne kritikken. Det gjev ein peikepinn om at det er mange skjer i sjøen for ei raud-grøn regjering.

Frp, SV og Sp har også sterkt kritiske merknadar til korleis den integrerte strategiske leinninga i Forsvaret fungerer.

Dei grip fatt i konsekvensane for arbeidsmiljø og samarbeidsklima som fylgje av vedvarande mangelfull styring og kontroll. Dei vil at regjeringa straks skal setje ned eit utval som skal gjennomgå leiing, organisering og styring av forsvarssektoren.

Også dette er Ap imot.

Men på punktet om tilbakekjøp av Lista flystasjon slik at det offentlege eventuelt kan nytte forkjøpsretten sin, står Ap saman med SV og Sp. Her går Frp inn for tilbakekjøp på vilkår av at området blir nytta til internering av asylsøkarar som anten er avvist, utvist eller som kan vere ein risiko.

Det blir neppe før under voteringa tysdag kveld klart om Frp subsidiært vil røyste for framlegget frå Ap, SV og Sp på dette punktet.