Leiaren for Kontrollkomiteen på Stortinget, Ågot Valle, (SV) reagerer sterkt mot opplegget frå Stoltenberg-regjeringa:

— Dersom dette blir fylgt, vil det bety at Riksrevisjonen ikkje får gjere jobbben sin som dei utfører på vegner av oss alle. Eg forstår godt at det er reaksjonar i Riksrevisjonen.

— Ap har mange svin på skogen når det gjeld å halde ting hemmeleg. På mange måtar ser det ut til at Ap ikkje har lært, seier Valle.

- Ikkje akseptabelt

Frp-formann Carl I. Hagen, som også er medlem av Kontrollkomiteen, går sterkt imot framlegget frå Stoltenberg-regjeringa:

— Eg har forståing for at det ikkje blir gjeve innsyn i regjeringsnotat. Men Regjeringa sitt framlegg går alt for vidt. Det vil vere ei klar innsnevring i forhold til dagens ordning. Det er ikkje akseptabelt. Saka er svært alvorleg, seier Hagen.

Hagen opplyser at saka vart drøfta i det såkalla Grunnlovsutvalet i vår på grunnlag av innspelet frå Regjeringa. Hagen er medlem av utvalet. Der møtte departementsråd Bjørn Grydeland på vegner av statsministerens kontor.

Hagen har også merka seg at statsråd Sylvia Brustad i vår nekta Riksrevisjonen innsyn i eit dokument som galdt SIVA. Det blir nå ei sak for Kontrollkomiteen på Stortinget.

Hagen meiner også at det var «tåpeleg» av Stoltenberg-regjeringa å nekte Sivilombodsmannen innsyn i brevveksling mellom Utanriksdepartementet og Justisdepartementet. Sivilombodsmannen er ein annan del av Stortinget sitt kontrollapparat.

Frøiland skeptisk

Det er Ranveig Frøiland (Ap) som leier Grunnlovsutvalet. Til Bergens Tidende seier ho at ho er skeptisk til å gjere interne notat offentleg tilgjengelege.

— Men eg meiner at Riksrevisjonen må få vidt arbeidsrom og tilgang til slike notat. Det trur eg også utvalet eg leier, vil gå inn for, utan at konklusjonen er endeleg trekt. Reine Regjeringsnotat er eg derimot skeptisk til å la Riksrevisjonen få, seier ho. Ho strekar under at saka ikkje har vore drøfta i partiet.

- Symptomatisk av Ap

— Det er svært viktig at Riksrevisjonen får godt høve til å utføre dei viktige kontrolloppgåvene sine. Det er symptomatisk at utspel om tilstramming på dette området kjem når Ap sit i regjeringskontora.

Dette seier Harald Hove til Bergens Tidende. Han har overteke Odd Einar Dørum sin plass i Grunnlovsutvalet.

Hove legg til at ein kan undre seg over motiva. Og ein må spørje seg om kva det er så viktig å hindre at Riksrevisjonen får innsyn i.

fakta/Riksrevisjonen

  • Bergens Tidende kunne i går fortelje at Stoltenberg-regjeringa i april i år tok til orde for å innskrenke Riksrevisjonen sin innsynsrett. Dette skjedde i eit omfattane høyringsnotat sendt til presidentskapen i Stortinget.
  • Framlegget har vekt sterke reaksjonar internt i Riksrevisjonen. Bergens Tidende er kjent med at revisjonsråden har utarbeidd eit eige notat som går sterkt i rette med Stoltenberg-regjeringa sine framlegg og vurderingar.
  • Riksrevisjonen er Stortinget sitt kontrollorgan og har i oppgåve å føre oppsyn med regjeringa for forvaltninga sin pengebruk og oppfylging av Stortinget sine vedtak.