Dette er utførleg dokumentert i ei hovudfagsoppgåve i historie frå Universitetet i Bergen våren 2001, forfatta av Espen Thompson.

Ap har vore svært oppteken av å framheve at Riksrevisjonen «ikke blandet seg inn i den politiske beslutningsprosessen». Thompson har påvist at Ap både har argumentert og røysta mot resten av Stortinget i spørsmål som gjeld betre kontroll med forvaltninga.

Ap mot resten

«Alt i alt sto Arbeiderpartiet alene i de sakene som her er beskrevet. Det var en samlet opposisjon som i disse sakene satte ned en merkestein når det gjaldt Stortingets rolle og maktposisjon i forhold til regjering og forvaltning» skriv forfattaren.

Denne alliansen har framheva Riksrevisjonen som det mest sentrale organet i Stortinget sin kontroll. Samstundes er det påpeika at å vingklyppe Riksrevisjonen ville bety eit trugsmål mot demokratiet. I desse spørsmåla har det vore ein brei allianse frå Høgre til SV. Lengst i å ville gje Riksrevisjonen utvida fullmakter og oppgåver, har Frp og Carl I. Hagen gått.

Hagen-framlegg

Allereie i 1977 tok Hagen til orde for og fremja framlegg om å innføre såkalla forvaltningsrevisjon. Det vil seie at revisorane ikkje berre sjekkar pengebruken men også analyserer korleis Stortinget sine premissar og føresetnadar er blitt eller blir fylgt opp av forvaltning og regjeringsapparat.

Det skulle gå nær 20 år før forvaltningsrevisjon vart gjennomførd med ei eiga avdeling i Riksrevisjonen.

Fersk strid

Kampen om Riksrevisjonen sin plass er ennå ikkje over. Ei heilt fersk sakvitnar om det. Den gjeld dei nye sjukehusforetaka som frå årsskiftet skal gå over på staten sine hender.

Stoltenberg-regjeringa ville ikkje gå med på å knesetje prinsippet om at Riksrevisjonen skal gjennomføre forvaltningsrevisjon i samband med den nye lova om helseforetak. Regjeringa tok ikkje notis av innspela som kom om dette frå Riksrevisjonen i høyringsrunden.

«For øvrig har departementet kommet til at det ikke er naturlig å regulere Riksrevisjonens utøvelse av forvaltningsrevisjon spesielt i lov om helseforetak. Dette spørsmålet må løses i en generell sammenheng», skreiv regjeringa i proposisjonen.

Tvang Ap i kne

Riksrevisjonen ville ikkje avfinne seg med dette. Det gjekk så langt at Riksrevisjonen i mai i år fann grunn til å gå direkte til Stortinget og opplyse om og påpeike forholda.

Heile opposisjonen samla seg om å støtte innspelet frå Riksrevisjonen. Arbeidarpartidet vart trengt opp i eit hjørne. Det var inga «god sak» for Ap å markere seg på, og det endte med at Ap i Stortinget bøygde av og gjekk saman med opposisjonen. Regjeringa leid klart nederlag.