OLAV KOBBELTVEIT

Det er ikkje alle sogene om Einar Førde som er sanne, men han gjorde aldri noko for å avliva dei mange anekdotane som har sitt utspring i flogvitet frå Høyanger. Han likte dei kvasse replikkane, og han visste når han sjølv skulle ta dei i bruk.

Ein gong på 1970-talet var Einar Førde henta til Bergen for å opna Vestlandske Bondestemna. Før sogningen slapp til kasta dåverande ordførar Eilert Eilertsen (H) glans over samkoma, og gjorde merksam på at Bergen var største jordbrukskommunen i Hordaland. Deretter gav han seg til å fortelja kor mange kyr, sauer, griser etc. som var å finna innanfor Bergens grenser.

Då Einar Førde fekk ordet takka han bergensordføraren for særs interessante statistiske opplysningar. «Men», la han til, «sauetalet var nok i lågaste laget. Mi røynsle er at det finst langt fleire sauer i Bergen enn det ordføraren vil ut med», sa Førde, til humrande applaus frå bøndene i salen.

Madison Square Garden

Einar Førde var målmann og ein meister med målet. Då han midt på 80-talet heldt hovudtalen på Noregs Mållags landsmøte på Gol, filosoferte han litt over målrørsla og kampen for nynorsk mål i fedrelandet. Han hadde god tru, men kampen kunne bli hard — og lang. Til trøyst for delegatane fortalde han soga om den amerikanske boksaren som hadde vore i kamp i Madison Square Garden i New York, og etterpå telegraferte heim til mora: «Vann lett på knockout i 138. runde».

Einar Førde vart ein viktig del av den radikalismen som kom inn i Arbeidarpartiet med etterkrigsgenerasjonen. Han var mot NATO og mot EEC (EU), og han var mellom dei som aktivt arbeidde for å gjera ende på den kalde krigen. Ikkje rart, kanskje, at han vart sett på som ein opprørar av dei kalde krigarane i Arbeidarpartiet? Dei såg ikkje syn med å gje tillitsverv til Einar Førde, men Trygve Bratteli såg det annleis. «Han kjem til å verta like ansvarleg som Jakob Lothe», sa Bratteli, og tenkte på den sindige venstremannen frå Sogn og Fjordane. Og slik vart det.

Italiensk lommetjuv

Ein gong gjekk det rykte om at den noverande stortingspresidenten i Noreg, Jørgen Kosmo (Ap), var i ferd med å bli justisminister. Det vart kjapt avvist av partifellen Einar Førde, som sa at vi kan ikkje ha ein justisminister som ser ut som ein italiensk lommetjuv.

Sovjet-russisk etterretning ville gjerne innynda seg hos den radikale Einar Førde på 1960- og 70-talet. I 1997 publiserte NRKs Brennpunkt eit program der ein tidlegare KGB-agent skulda norske toppolitikarar - der iblant dåverande statsminister Thorbjørn Jagland - for å ha hatt nære samband til KGB. Agenten med dekknamnet Dudin skulle ha vore Reiulf Steen. Om denne agenten heitte det at han var særs intelligent og endå meir kunnskapsrik, med stor evne til strategisk tenking. På dette grunnlaget rykte Einar Førde ut og avviste spekulasjonane om Reiulf Steen. Så vidt Førde kunne begripa var han sjølv den einaste som kunne tenkjast å passa til alle dei rosande adjektiva.

Ivrige lesarar av «Einar på ein onsdag» fekk med seg at han likte å ha moro med bergensarar. På ein middag var det ein framståande representant for arten som ropte til Einar Førde at han også hadde slekt i Sogn.

«Ja, du er vel etterkomar etter ein av dei som aldri nådde Amerika-båten», kom det kjapt ifrå Einar Førde.

NESTLEIAR OG LEIAR: Nestleiar i Ap, Einar Førde, og leiar Gro Harlem Brundtland i 1981.<p/>