Dette kan lesast ut av årsmeldinga frå EOS-utvalet som vart overlevert til Stortinget i går.

Men avdi alt som har med framande, «samarbeidande tenester» er gradert materiale, kan kontrollutvalet ikkje fortelje direkte om kva funn som er gjort.

Kryptisk

EOS-utvalet må i staden omtale slike granskingar og mogelege funn i svært kryptiske vendingar.

EOS-utvalet iverksette granskingar på bakgrunn av presseoppslag om den såkalla Risør-saka. Den galdt ein eksil-irakar som var busett i Risør. Han forsvann til Irak og deltok i den amerikanske krigen, før han vendte krigsskadd tilbake til Noreg.

Utvalet tok opp saka etter at justisminister Odd Einar Dørum nekta å gje opplysningar til Stortinget om saka då leiaren i Kontrolkomiteen, Ågot Valle (SV), reiste saka i fjor.

Verving

I pressa kom det fram opplysningar om at eksil-irakaren var blitt verva av amerikansk etterretning, at han hadde hatt oppdrag for det norske overvakingspolitiet (PST), at han hadde rapportert dit, og at PST var kjent med eller innforstått med at han var verva av amerikanarane.

Kva rolle PST har spela i saka, kjem heller ikkje fram i årsmeldinga avdi dette er graderte opplysningar.

Men utvalet opplyser at ein har inntrykk av at PST i ettertid har «nedtonet vedkommendes betydning i større grad enn dokumentene etter utvalgets mening ga dekning for».

Det er ein mild kritikk mot PST avdi PST har søkt å bagatellisere kontakten med eksil-irakaren. PST får også kritikk for mangelfulle rutinar som kan sikre «notoritet omkring de beslutninger som fattes».

I årsmeldinga frå EOS-utvalet heiter det nå:

«Utvalget har også sett på pressespekulasjonene om amerikansk vervingsvirksomhet og etterretningsvirksomhet mot eksil-irakere i Norge forut for Irak-krigen. Fremmed etterretningsvirksomhet mv skal være undergitt nasjonal kontroll også når det dreier seg om allierte land. Uautorisert fremmed etterretningsvirksomhet mv berører suverenitetsspørsmål, og kan ha konsekvenser for den enkeltes rettsbeskyttelse. Ut fra kontrolloppgaven vil utvalgets mandat i en slik sammenheng være å klarlegge om det har pågått slik virksomhet som norsk sikkerhetstjeneste har vært kjent med og eventuelt har godkjent, og å se på hvordan tjenesten i tilfellet har håndtert situasjonen og informert overordnet myndighet.»

Stortinget kan be om meir

— Eg kan ikkje utdjupe dette. Ingen får resultata av undersøkingane våre. All aktivitet som gjeld utanlandske samarbeidande tenester er gradert. Dersom Stortinget skulle be om ytterlegare opplysningar, finst det eit infløkt regelverk om bestemte prosedyrar for det, seier leiaren i EOS-utvalet, ambassadør Leif Mevik, til Bergens Tidende.