• Vi tok imot og gav opphald og asyl til mangfaldige chilenarar i deira eige heimland. Eg kunne ha sendt fleire tusen til Noreg om vi ikkje hadde hatt kvoteordning.

Dette seier ambassadør Frode Nilsen. Han var norsk spesialutsending til Chile frå 1973, etter Pinoche-kuppet mot den demokratisk valde president Allende. Frå 1975 av var Nilsen ambassadør til Chile.

Ambassadør Nilsen har eit stort namn hjå chilenske flyktningar og demokrati-forkjemparar. Han hjelpte hundrevis til å forlate landet.

— Utanom dei vi gav asyl i Noreg, fekk vi sendte mange chilenarar til granneland i Sør-Amerika, som til dømes Venezuela, og også til Belgia, seier Nilsen.

— Utanriksminister Knut Frydenlund var ein aktiv pådrivar. Vi tok dei vanskelegaste sakene, dei som ingen andre ville ha. Det var folk som hadde fått dødsdommar eller var dømde til lange fengselsstraffer. Det var folk som sat fengsla, var internert i fangeleiarar eller låg i dekning. Mange vart smugla ut av landet. Alle hadde tilhald i Chile, fortel Nilsen.

På denne måten punkterer Nilsen forklaringa som dåverande kommunalminister, Erna Solberg (H), gav i april 2005.

I ei pressemelding fortalde Solberg at det er «fast praksis for at det ikke innvilges asyl for personer som oppholder seg i hjemlandet».

Bergens Tidende er også kjent med at Noreg i fleire tilfelle har henta ut utanlandske statsborgarar frå deira eige heimland, transportert dei til Noreg og gjeve dei politisk asyl her.