Alvorleg sjuk av tøff barndom

Eit barn som opplever misbruk eller mishandling har langt større risiko for å bli alvorleg sjuk femti år seinare, viser stor amerikansk studie.

Les også:

Ein tøff barndom kan gje 30 til 50 gonger større risiko for hjartetrøbbel, rusmisbruk, depresjon og sjølvmord i godt vaksen alder. Det viser den store ACE-studien, der nær 18.000 amerikanske kvinner og menn er med.

Her er lista over negative barndomsopplevingar, som kan medføre dramatisk større helserisiko femti år seinare.

* Fysisk, psykisk eller seksuelt misbruk i barndomen

* Oppvekst blant vaksne som misbrukar alkohol eller narkotika

* Oppvekst blant vaksne med mentale lidingar, eller vaksne som har prøvd å ta sitt eige liv

* Oppvekst, der mor vart mishandla

* Oppvekst blant vaksne som har vore dømde eller fengsla

Gjennomsnittsamerikanar
Helserisikoen aukar drastisk, dersom barnet er blitt utsett ikkje berre for ein, men fleire av kategoriane. Studien viser dessutan at slike oppvekstvilkår er langt meir utbreidde enn vi likar å tenkje på.

Nær halvparten av dei middelaldrande deltakarane rapporterte om slike erfaringar. Blant anna fortalde 25 prosent av kvinnene og 16 prosent av mennene at dei var blitt seksuelt misbrukte før dei fylte 18 år.

- Eg, som pleidde å tru at valdtekt var nokså uvanleg, seier lege og professor Vincent J. Felitti ved University of California til Bergens Tidende.

- Vi vart svært overraska over at talet var så høgt, ikkje minst fordi deltakarane i hovudsak er kvite, velutdanna personar frå middelklassen. Dei representerer gjennomsnittsamerikanaren.

Felitti, som besøkte Bergen denne veka, er ansvarleg for ACE-studien (Adverse Childhood Experience Study), som har sett på samanhengar mellom visse typar barndomsopplevingar og vaksenliv prega av sjukdom og for tidleg død.

- Ekstremt overvektige
Mange deltakarar som hadde opplevd mishandling, omsorgssvikt eller overgrep som barn, hadde ei sjukehistorie prega av ekstrem overvekt, rusmisbruk eller røyking.

- Tradisjonelt har medisinen sett på alkohol, stoff, nikotin og overvekt som sjølve problemet . Men vi oppdaga at for mange var misbruket ei løysing på eit større problem, som i årevis hadde vore skjult av skam, fortrenging og sosiale tabu, seier Felitti, og brukar mat som eksempel.

- Tenk deg eit barn som er blitt seksuelt misbrukt, og som deretter tek til å overete. For han eller ho kan ekstrem overvekt følest beskyttande mot seksuell interesse frå andre. Overvekt blir ein måte å avseksualisere seg sjølv på.

På same måte viser Felitti til at nikotin kan ha angstdempande effekt, og amfetamin fungerer som antidepressiva.

Takkebrev
Då BT spør korleis kunnskapen frå ACE-studien bør utnyttast, svarar Felitti:

- Det er det store spørsmålet! Rett nok har studien vekt stor akademisk interesse. Samtidig er dette ubehageleg informasjon, som helsepersonell ofte vegrar seg for å ta konsekvensen av.

Felitti tek til orde for å utarbeide standardiserte spørjeskjema etter modell av eit stort helseprogram i California for 120.000 pasientar. Desse fekk spørsmål nettopp om negative barndomserfaringar og vaksenhelse.

Resultatet let ikkje vente på seg. Samanlikna med året før, vart talet på legekonsultasjonar redusert med 35 prosent, og akuttinnleggingar med 12 prosent.

- Kvifor? Vårt inntrykk er at den mest sannsynlege forklaringa er at mange for første gong fekk fortelje eit anna menneske om sitt livs verste opplevingar, og etterpå følte seg akseptert som menneske, seier Felitti. Han fortel at forskarane fekk masse takkebrev, særleg frå kvinner, etter at intervjudelen av ACE-studien var avslutta.

- Vi hadde fått høyre mange usedvanlege livshistorier, som elles aldri ville blitt fortald, seier Felitti til BT.

- I breva stod det slikt som: «Takk for at de spurde! Eg var så redd for å døy utan å få fortelje eit anna menneske om kva som skjedde den gongen».

Les også

Siste fra Innenriks

- Falt trolig fra 35 meters høyde

Tre personer er alvorlig skadd etter å ha falt ned fra en lift ved Kværner Verdal i Nord-Trøndelag.

Bistandsadvokat: - Hun har det tøft

17-åringens bistandsadvokat Berit Johannessen opplyser at klienten har det vanskelig.

Tilbakekaller Norturas finnbiff

Selskapet frykter at en sylskarp 2 centimeter lang knivbit, tynn som en skalpell, har funnet veien til en av pakkene.

- Politiet har gjort beslag i Solum Larsen-saken

Politiet i Haugesund orienterte om status i etterforskningen i voldtektsaken mot Helge Solum Larsen på en pressekonferanse om kl. 11 onsdag formiddag.

Vennen ble overfalt - så kom to trusselbrev

«Takk for sist», skriver Antifascistisk Aksjon til gravid kvinne.

- Grovt tillitsbrudd

Etter årsmøtemiddagen skal den 17 år gamle jenten ha blitt med Venstre-nestleder Helge Solum Larsen på hotellrommet. Noen timer etterpå fortalte hun at hun var blitt voldtatt.

Relaterte bilder

TRIST BARNDOM: Ifølgje ACE-studien er negative opplevingar i barndomen den viktigaste faktoren for sjukdom, død og totale helseutgifter i USA. <p/>ILLUSTRASJONSFOTO: ROAR CHRISTIANSEN

NÅR BARNDOMEN SLÅR TILBAKE: Vonde opplevingar i oppveksten kan vere ein stor helserisiko femti år seinare i livet. Dette viser den store, amerikanske ACE-studien, som professor og lege Vincent J. Felitti har hatt ansvar for.<p/>GIDSKE STARK

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

Siste saker

SØK I SKATTELISTENE (2009)

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger