Det svære arkivskapet til avdøde dr. Knut Håvåg gjer framleis nytte for seg. Inni det grå metallmonsteret ligg pasientjournalane til over 7000 vestlendingar med store astma— og allergiplager.

Men etter tretti års tru teneste skal skapet snart tømmast for godt. Årsaka er at Helse Vest RHF har gitt beskjed om at spesialistheimelen til Håvåg ikkje skal vidareførast, men gjerast om til ein lungeheimel.

Dermed må Norges største spesialistpraksis innan allergivaksinasjon stenge dørene alt til sommaren. Øyre-nase-hals-praksisen er ein av få på Vestlandet som tilbyr det fireårige vaksinsasjonsprogrammet, og no fryktar mange pasientar at dei må avslutte behandlinga midtvegs.

— Eg har hatt gråtande pasientar her på kontoret mitt, fortel Håvågs etterfølgjar, stipendiat Torgeir Storaas, til BT.

Knut Håvåg bygde opp sin praksis i ein periode på over tretti år. Han var oppteken av at pasientane skulle få eit godt tilbod, også etter at han slutta, og bad Storaas om å føre vidare hans arbeid. Håvåg døydde i oktober i fjor.

Storaas har ingen håp om å få fortsette i praksisen, men på vegne av pasientane sine er han kritisk til vedtaket i Helse Vest.

— Fleire stortingsproposisjonar omtalar astma og allergi som satsingsfelt. Ved å legge ned Håvågs praksis går Helse Vest i motsett retning, og reduserer tilbodet i helseregionen, meiner han.

— Helse Vest kastar vrak på kompetansen innan feltet som er bygd opp gjennom mange år. Ikkje minst er dette uheldig når det gjeld behandling med allergivaksinasjon. Derfor bør dei vite kva dei gjer, og gå inn med ekstra midlar for å styrke allergivaksinasjonstilbodet ved Haukeland universitetssykehus.