Det er på ein måte opplese og vedteke at det var Hjelmelands-karane som bygde Førde. Men det er berre halve sanninga. For det var ei dame der også den gongen på 1960-talet då utviklinga gjekk over stag under Hafstadfjellet. Ei engelsk dame med smale skjørt og høghæla sko som sprang opp og ned i stigane på dei mange byggeplassane.

Arkitekt Connie Henden teikna nesten alle dei store sentrumsbygga som vart reiste då nye Førde sentrum tok form på sørsida av Langebrua.

Arkitektkontoret hennar låg vegg i vegg med kjøkenet i Henden-heimen heilt nede ved Førdefjorden. Connie sat til bords medan ho åt middag, når ho kom til desserten reiste ho seg alltid, den åt ho ståande, på spranget inn att til teiknebordet.

Prega Førde

— Ho mamma teikna alltid, ho måtte teikna, ho elska yrket sitt, seier dottera Margrethe Solbakken.

Og det ber Førde framleis preg av. På sørsida av elva er det hennar bygg som dominerer bybiletet.

Når du kjem gåande over Langebrua, mot fjellet, er det Connie Henden sitt forsøk på å gjera Førde til by som møter deg. Forretningsbygga hennar ligg tett, vegg i vegg og til saman utgjer dei den mest bymessige, intime og fotgjengartilpassa delen av Førde sentrum. Elles i sunnfjordbyen er det bilen som rår. Henden sitt forsøk på å skapa eit heilskapleg urbant preg på bygdebyen vart endeleg torpedert av rådande krefter i Førde på 1980-talet.

I tillegg til ti store forretningsbygg på sørsida teikna ho rutebilstasjonen til Firda Billag og ny bank på andre sida av elva. Etter kvart gav ho form til fleire andre forretningsbygg der og på Øyrane. Ho teikna helsetunet i Førde og Mo Jordbruksskule. Og første flyplassbygget.

Sin eigen stil

— Eg har stor respekt for arbeida til Connie Henden, ho var dyktig, seier arkitekt Kjartan Myklebust, tidlegare reguleringsarkitekt i Førde.

— Ho teikna tidstypiske bygg med eit klart formspråk og utvikla sin eigen stil. Bygga hennar var nøkterne, dei var sikre i forma og hadde fine proporsjonar. Eg synest Firda Billag sitt bygg er særleg fint, og eg likte godt Sunnfjord Hotell før dei endra fasaden, det var eit bygg som høyrde til i Førde, seier han.

Sunnfjord Hotell var Connie Henden sitt verk gjennom sju byggjesteg. På 80-talet, då ho var blitt sjuk, kom andre arkitektar inn og gjorde store endringar. Helsetunet hennar er rive, bankbygget anno 1962 måtte vika for nyebanken. Fleire av dei andre forretningsbygga hennar er påbygde og endra i nyare tid.

— Eg trur ikkje ho mamma likte den nye fasaden på hotellet, og eg er glad for at ho slapp oppleva at dei reiv bankbygget hennar, seier dottera.

Ikkje Connie si skuld

Dei siste femten åra har Førde slite med eit tvilsamt rykte, arkitektonisk sett, og levd med stempelet som stygg bygdeby. Utan at ting har endra seg til det betre av den grunn. Nye, svære handelshus poppar opp stadig vekk. Med store parkeringsplassar omkring.

— Det er ikkje Connie Henden si skuld at mange mislikar det dei no ser i Førde, seier Arild Wåge, også han arkitekt busett i Sunnfjord.

— Hadde Førde halde fast ved temaet til Connie Henden, kunne utviklinga av bysenteret blitt vellukka, seier han.

— Husa til Connie Henden hadde moderne, enkle og solide løysingar. Dei var typiske for si tid og resultat av godt handverk, seier Wåge.

Fleire stader

Ho teikna hus i Sunnfjord, Nordfjord og i Sogn. Midt i Sandane sentrum ligg Firdatun, den gamle rutebilstasjonen som etter planen skulle rivast, men som blei erklært verneverdig og redda ved hjelp av fylkeskulturetaten og rehabilitert på dugnad av pensjonistane i bygda. Funkisbygget er signert Connie Henden.

— Dette bygget er svært viktig for tettstaden Sandane, bygget er eit barn av si tid, eit typisk bygg frå bilen sin barndom, seier Kolbjørn Nybø som er arkitekt hos fylkeskultursjefen.

Til førde i 1947

Engelske Connie Henden jobba to år hos arkitektane Tryti i Bergen før ho slo seg ned i Førde i 1947. Den gongen budde det under tre hundre menneske i bygda, i 1950 var det atten tettstader i Sogn og Fjordane som var større enn Førde.

— Det var eit sjokk for henne å koma til Sunnfjord då rett etter krigen, forholda var svært enkle, mange var fattige, ho sa ofte at det var som å koma til eit u-land, fortel dottera.

— Ho var ofte glad for å kunna hjelpa folk med ein betre bustad, og ho tok seg aldri skikkeleg betalt. På 50-talet teikna ho ein einebustad i Holmedal for 50 kroner.

Margrethe Solbakken meiner mora var heldig som kom til ei bygd som hadde bruk for henne. I 1965 blei Førde prøvesenter for regional utvikling, og sentrumsutbygginga skjedde i eit voldsomt tempo. I tillegg ville alle ha Connie-hus i bu i.

Connie Henden teikna hundrevis av einebustader. Somme er blitt ombygde med tida, men mange er lette å spora tilbake til opphavskvinna. Har ein lært Connie-stilen å kjenna, ser ein husa hennar vegalangs svært mange stader i fylket. På 50- og 60-talet teikna ho bustadhus med to etasjar og loft. Dei er attkjennande blant anna på proporsjonane og måten vindauga er plasserte på.

Dei seinare husa hennar er gjerne lågare og lengre. Arkitekten var kjend for gode planløysingar, i starten teikna ho også kjøken og anna fast inventar.

Høyanger og Florø

I vesle Bøvegen i Høyanger teikna ho fire nye hus kring 1960. I Florø er det minst ei Connie-gate. Vegalangs i Sogn og Fjordane og i Bergens-området står buss-skura i betong som ho teikna for Førde sementvarefabrikk.

Av større bygg utanfor Førde teikna ho Eikås grendehus, Vereide folkehøgskule, Innvik aldersheim, Naustdal aldersheim, bygg for Florø hamnevesen og hotell både på Sandane og på Leikanger. Ho teikna burettslaga Vaskarvollen og Hogane i Førde, hytter i massevis og ho teikna om eldre bustadhus.

Margrethe har overteke barndomsheimen, eit typisk Connie Henden-hus frå 50-talet, som også er ombygd. På loftet ligg mora sine teikningar lagra i store, brune banankassar. Ein kasse for kvar kommune.

— Etter at mamma døydde i 1985, rulla eg saman alle teikningane. Eg rulla tretti teikningar annankvar dag og heldt på i to månader. Det skulle bli nesten tusen teikningar frå ein arkitektkarriere på 35 år, seier Margrethe Solbakken.

Treivst på byggjeplassen

— Connie likte seg godt på byggjeplassane, det var ei glede å samarbeida med henne, seier Fritz Hjelmeland, ein av entreprenørane som ho teikna mange hus for.

— Connie teikna nett det huset vi ønskte oss. Ho var kjend for å ha stor respekt for handverkarane ho samarbeidde med, seier Bjarte Eikeseth, som ho teikna hus for i 1971.

Mange av dei ho bygde hus for, vart vener for livet. Alle vi møter har gode minne om arkitekten som prøvde å urbanisera Førde. Og som berre lukkast delvis med det. Men som blei så viktig for så mange under moderniseringa av Sogn og Fjordane.

1970-TALET: Bjarte Eikeseth sitt hus er frå 1971. På 70-talet blei husa til Connie Henden lengre og lågare. ALLE FOTO: ODDLEIV APNESETH
SUNNFJORD HOTELL: Connie Henden utvikla Sunnfjord Hotell gjennom sju byggesteg. Den nye fasaden som kom på 80-talet hadde ho ikkje ansvaret for.
SETTE SPOR: Arkitekt Connie Henden har sett spor etter seg i Sogn og Fjordane. Ho døydde i 1985, berre 61 år gammal.
CONNIE-GATA: Her i Bøvegen i Høyanger ligg Connie-husa på rekke og rad. Arkitekten var ikkje begeistra for sprossene som etter kvart har kome på vindauga i mange av husa hennar.
VERNEVERDIG: Som eit bilens tempel står dette funkisbygget midt i Sandane sentrum. Firdatun var kombinert rutebil- og bensinstasjon.
URBANE FØRDE: Den mest bymessige delen av Førde sentrum blei skapt av arkitekt Connie Henden i første halvdel av 1960-talet. Hennar bygg dominerer framleis gatebiletet, sjølv om mange av husa har fått påbygg som bryt med den opphavlege stilen.
BUSS-ARKITEKTUR: Connie Henden var gift med direktøren i Firda Billag og teikna ikkje berre rutebilstasjonar, men også buss-skura som framleis vert produserte ved Førde sementvarefabrikk.
TYPISK CONNIE: Rutebilstasjonen til Firda Billag i Førde er frå 1962. Bustadhuset til familien Haveland frå 1957. Bustaden er eit typisk Connie-hus, måla i tre ulike fargar. FOTO: PRIVAT