Datatilsynet og Norsk Presseforbund er sterkt uroa over kva konsekvensar dette vil ha for personvernet og kjeldevernet.

Det er eit EU-direktiv frå 15. mars 2006 som krev lagring av trafikkdata for fasttelefon, mobiltelefon, IP-telefon, IP-adresser, e-post og internett-trafikk.

Blir norsk rett

Saka er ikkje politisk behandla, men statssekretær Steinulf Tungesvik (Sp) i Samferdsledepartementet opplyser til Bergens Tidende at «det er ein tung føresetnad at dette direktivet blir ein del av norsk rett».

– Det er ikkje ein type sak der det er naturleg å reservere seg mot direktivet, legg han til. Han understrekar samstundes at regjeringa vil vurdere og vege dei ulike interessene opp mot kvarandre. Det er uklart kor stor vekt ein vil legge på personvern og kjeldevern i forhold til føremålet med datalagringsdirektivet: kamp mot kriminalitet.

Det er politiet sine behov som dikterer innhaldet i det nye regelverket. Det vart ifylgje Tungesvik initiert av statsminister Tony Blair etter terrorbombene i London sommaren 2005. Snudd på hovudet

Dagens rettstilstand i Noreg vil bli snudd på hovudet gjennom innføring av direktivet: I dag er det slik at leverandørane av elektroniske kommunikasjonstenester har plikt til å slette alle trafikkdata så raskt som råd.

Berre leverandørar som tilbyr tenester dei krev betaling for, det vil seie mobiltelefoni og fasttelefoni, har lov til å lagre trafikkdata i inntil 3-5 månader, avhengig av faktureringsrutinane sine. Det er faktureringsbehovet, med klagerett for kundane, som gjer at dei i det heile får lagre slike trafikkdata.

Det er ingen lagring og heller ikkje lov til å lagre trafikkdata for IP-telefoni, e-post og internett-trafikk.

Politiet må i dag søke Post— og teletilsynet om tilgang til trafikkdata som viser kvar det er ringt til frå bestemte nummer. Dette gjeld både fasttelefoni og mobiltelefoni.

Telefoniselskapa må så etter godkjenning frå Post- og teletilsynet, utlevere slike trafikkdata til politiet. Teletrafikken er då maksimalt fem månader tilbake i tid. Eldre data skal vere sletta.

EU-kravet

EU-direktivet krev at alle land i EU og EØS-området innfører krav om lagring av alle trafikkdata i minimum seks månader og inntil to år. Etter at EU-direktivet vart vedteke 15. mars 2006 hadde medlemslanda halvtanna år på seg til å gjennomføre tiltaka som vart lista opp i direktivet.

Fristen for å gjennomføre tiltaka går dermed ut 15. september i år.

Hittil har Danmark og England innførd krav om lagring i eitt år.

Minst 16 EU-land har søkt om utsetjing i inntil 18 månader med å gjennomføre den delen av direktivet som omfattar e-post, IP-telefoni og internett-trafikk.

I Noreg er det nå ei arbeidsgruppe, leia av Samferdsledepartementet, som utarbeider eit høyringsbrev om saka. Dette brevet skal så ut på høyring i løpet av våren. Det betyr at ein ikkje har meir enn tida og vegen å handle på, før det norske regelverket må vere på plass.

– Lengst mogeleg

Politiet ønskjer lengst mogeleg lagringstid av data som hjelpemiddel til oppklaring av kriminalitet. Dette stadfester avdelingsdirektør Magnar Aukrust i Politiavdelinga i Justisdepartementet overfor Bergens Tidende. Han leier ei referansegruppe som arbeider med saka i Justisdepartementet.

Ifylgje Aukrust vil det bli gjort ei kost/nyttevurdering. Han seier personvernomsyn og misbrukspotensial vil inngå i denne vurderinga.

Det er behov for prinsipielle avklaringar av ei rekke viktige spørsmål før ein gjennomfører direktivet i norsk rett.