HILDE KRISTIN STRAND

Det viser rapporten samfunnsøkonom Roar Gjelsvik frå Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen har laga på oppdrag frå sosial-og helsedirektoratet.

Gjelsvik delar kostnadene knytta til alkoholforbruk i tre. Dei største kostnadene, mellom 11 og 12 milliardar kroner, er knytta til sjukefråvêr og redusert arbeidskapasitet.

Deretter kjem kostnader påført tredjepart frå alkoholrelatert kriminalitet, ulukker, politi og rettsvesen. Desse er rekna ut til å vera om lag 5,3 milliardar kroner. Helse-og sosialvesenet har årleg utgifter knytta til alkohol på om lag 1,2 milliardar kroner.

— Arbeidet ein gjer, får redusert kvalitet når ein jobbar i bakrus eller stiller rusa på jobb. Er ein vekke frå jobb, er tapet 100 %, seier Gjelsvik.

Han fortel at nærare halvparten av eindagsfråvêret i Noreg kan vera alkoholrelatert.

Gjelsvik seier til BT at rapporten er ei forstudie, og det er difor mykje usikkerheit knytta til dei absolutte estimata. Når det gjeld sjukdommar, har ein berre oversikt over dei som er direkte alkoholrelaterte, men manglar dei som er indirekte relaterte. Ein kan difor ikkje slå fast at den totale kostnaden i året er akkurat 18 milliardar kroner.

Dersom ein likevel delar denne summen ut på innbyggjarane i Noreg, kostar kvar nordmanns alkoholforbruk samfunnet 4000 kroner i året. Tilsvarande tal for engelskmennene er 5000 kroner.

— Ein kan då seia at estimata er rimelege. Men det er mykje upløgd mark på dette feltet, seier Gjelsvik.

Dette er den første undersøkinga som seier noko om kor mykje alkohol kostar samfunnet kvart år. Gjennom med arbeidet har Gjelsvik sett saman statistikkar, forsking og analyser som eksisterer frå før, mellom anna ting som er laga av SINTEF, Statistisk sentralbyrå og Statens institutt for rusmiddelforskning (Sirus).