Medan fem Greenpeace-aksjonistar i går godtok bota på 5000 kroner kvar, nektar 11 aksjonistar i Natur og Ungdom og Bellona, med Frederic Hauge i spissen, å betala. Dei bøtlagte kasta seg i sjøen framfor boreriggen «Eirik Raude» i Ølenfjorden 14.november for å hindra den i å starta prøveboring etter olje i Barentshavet.

— Vi erkjenner dei faktiske forholda og pålegget om å koma oss ut av vernesona rundt riggen. Men vår moralske overtyding gjer at vi ikkje erklærer straffeskuld, sa Anders Haug Larsen, ein av fem bøtlagte som møtte i tingretten i dag. 23-åringen frå Oslo er sekretær i Natur og Ungdom.

— Dette var ein ikkjevaldsaksjon med høg grad av tryggleik, vi var i god dialog med politiet på førehand. Vi har grunn til å vera stolte av å ha unngått meir dramatiske aksjonar i norsk miljørørsle, sa Bellona-leiar Frederic Hauge (39) i si forklaring.

— Vi var i ein situasjon der regjeringa hadde teke frå oss ein klagerett vi har hatt i mange år. Sivil ulydnad er ei naudløysing. Vi pliktar å seia ifrå når demokratiet har spelt fallitt og vi er blitt sterkt overkøyrte som i saka om oljeboring i nord, sa Frederic Hauge.

25 politifolk og fire fartøy frå politi og kystvakt var på plass då rundt 20 personar aksjonerte mot «Eirik Raude» i Ølenfjorden 14.november.

Sunnhordland tingrett feller dom over dei 11 som nektar å betala førelegg i neste veke.

<b>FOR RETTEN:</b> Aksjonistar frå Bellona og Natur og Ungdom i Oslo møtte fredag i Sunnhordland tingrett fordi dei nektar å betala bot etter oljeboringsaksjonen i Ølen. Frå v. Ingrid Solli (forsvarar), Anders Haug Larsen (23), Guro Hauge (24), Frederic Hauge (39), Trine Vik (19), Wanda Maria Heger Voldner (24).<br/> FOTO: OVE A. OLDERKJÆR