— Eg har sett ein del vindmøller når eg har ferdast langs kysten, og dei ser ikkje akkurat så fine ut i landskapet. Eg er også usikker på om dei få vindmøllene det er søkt konsesjon om på Austevoll vil føra til noko særleg kraftvinst. Difor har eg ingen problem med å støtta ein protestaksjon, seier Aarland.

Han fortel at konsesjonssøknadene har ført til ein del diskusjonar, særleg i nabolaget hans i Kvalvåg.

— Eg tykkjer det er positivt at nokon tek til motmæle.

- Enkel jobb

Lillian Kalve står bak underskriftskampanjen mot HybridTech sine vindmølleplanar på Stolmen, i Kvalvåg og på Store Kalsøy. Ho føler at austevollingane ikkje er klare over kva som er i ferd med å skje.

— Naturinngrepa vert enorme i eit jakt- og beiteområde som husar både havørn og Hubro. Eg tykkjer politikarane har fått ein altfor enkel jobb med å triumfa gjennom prosjektet, seier Kalve.

I tillegg til å ha lagt ut underskriftslister på nærbutikkane på Stolmen og i Bakkasund, har det gått an å støtta motaksjonen på internett, på underskrift.no. Listene har passert 200 namn.

— Me vil levera listene til både Austevoll kommune og til Norges vassdrags- og energiverk (NVE), fortel Kalve. Ho minner om at det framleis er høve til å skriva seg på.

- Øydeleggjande

Leo Kenneth Thomassen frå Kolbeinsvik slaktar informasjonen som er gjeve i løpet av prosessen.

— Det har vore halde folkemøte, men dei har kommunen og utbyggjaren HybridTech stått for. Dermed så er det berre gulrøtene som er kome for dagen.

Dagleg leiar Dag Arild Hansen i HybridTech tykkjer forholdet til innbyggjarane på Austevoll og kommunen har vore god gjennom heile prosessen.

— No håpar me berre at NVE gjev oss konsesjon, slik at Austevoll-folket kan få billegare straum. I tillegg så vert Austevoll Kraftlag delvis sjølvforsynte med kraft, hevdar han.

Avgjerd i februar

Austevoll-ordførar Helge Andre Njåstad påpeikar at underskriftskampanjen kjem i seinaste laget.

— I alle fall når det gjeld å påverka kommunen. Før jul sa kommunestyret seg positive til HybridTech sine konsesjonssøknader, med 24 mot 3 stemmer. Om motstandsrørsla vil no fram så er det mot NVE presset må ytast. Det er dei som gjer endeleg vedtak i konsesjonssøknaden, seier Njåstad.

Når det gjeld Statkraft sin konsesjonssøknad om vindmøllepark på Selbjørn så har kommunestyret stemt imot.

Overingeniør Tanja Midtsian i NVE fortel at dommen over alle konsesjonssøknadene på Austevoll - inkludert Statkraft sin - fell i løpet av februar. Kanskje så raskt som i neste veke.

— Sakene har lege til behandling hos oss i lengre tid og vert avslutta samstundes, opplyser ho.

odd mehus