Den første aksjonen starta 15. mai. Då sendte au pairar og støttespelarar brev til Lånekassen med spørsmål om studielånretten.

— Det er i alle fall 15 au pairar som er råka av denne regelendringa, seier Dennis Hattrem. Han er sjølv sjukepleiarstudent og har hjelpt au pairane med å skrive brevet.

Lånekassen vidaresender all kontakt frå utanlandske statsborgarar til bergenskontoret. Nestleiar Torleif Einarsen har ikkje merka noko spesiell pågang. Men sidan breva først må til Oslo, og så bli vidaresendt til Bergen, meiner han at breva framleis kan vere i posten.

Sjølv om regelendringa vart gjort 22. februar, har Lånekassen gitt ufullstendige svar på spørsmål frå au pairar. Det har blitt gjort klart at minimum arbeidsperiode har auka frå 12 til 24 månader, men ingen har opplyst at au pair ikkje lenger kvalifiserer til fulltidsarbeid. Først i starten av mai vart riktige opplysningar gitt.

— Dette kan eg stadfeste, det er sjølvsagt dumt, seier Einarsen.

— Vi planlegg fleire aksjonar også. I neste veke planlegger vi å sende eit ope brev til Kunnskapsdepartementet, seier Hattrem.