I går fortalde Bergens Tidende om fleire aksjeselskap som tek ein aukande del av overskotet ut som utbyte. Samstundes fell eigenkapitalen i selskapa.

Kaffehuset Friele har til dømes teke ut heile overskotet dei siste tre åra, tilsaman 165 millionar kroner, i utbyte.

— Det er forferdeleg å sjå korleis fleire selskap blir tappa for overskot og eigenkapital. Det verkar til å svekke dei, seier Ranveig Frøiland (A) til BT. Ho er medlem av finanskomiteen på Stortinget.

— Vi hadde utbyteskatt i 2001, som ei midlertidig ordning. Det fekk vi Bondevik med på gjennom budsjettavtalen. Seinare har han late seg overtale av Høgre til å snu. Nå vonar eg at både han og andre tek til vitet, seier Frøiland.

Frøiland meiner det er nedslåande å sjå korleis mange selskap og aksjonærar driv omfattande skattetilpassing ved å «støvsuge» selskapa for kapital, når dei kan få ut overskot utan å betale skatt.

Skauge-utvalet som avgav innstilling i februar i fjor, gjekk inn for å avskaffe den såkalla delingsmodellen som har resultert i mykje kreativ skattetilpassing.

Det er den store skilnaden i skattesats på kapitalinntekt (28 prosent) og arbeidsinntekt (opp i 55 prosent), som har spora til slik kreativitet.

Det har mellom anna ført til at det var lukrativt for aktive eigarar å ta ut utbyte i staden for lønsinntekt.

Fleire tidlegare stortingsrepresentantar og statsrådar - ikkje minst frå Ap - mellom desse Finn Kristensen og Grete Knudsen har innretta seg slik.

Dette vil Skauge-utvalet ha slutt på. Utvalet vil også at det skal bli skatt på vanleg aksjeutbyte for alle aksjonærar.

«Det vil ikke lenger være særlig lønnsomt å få arbeidsinntekter til å bli skattlagt som aksjeinntekter. En vil dermed kunne få bukt med dagens omfattende skattetilpasning med sikte på å få reelle arbeidsinntekter til å bli skattlagt som utbytte eller gevinst», skreiv Skauge-utvalet.

Utvalet meinte dessutan at dette ville verke til større likskap og betre ressursutnytting. I tillegg ville det, etter utvalet si oppfatning, føre til at ressursar som i dag blir nytta til skatteplanlegging, kan nyttast til meir produktiv verksemd.

Eit statssekretærutval arbeider nå med utforming av det endelege utkastet til nytt skattesystem som Regjeringa vil legge fram før påske.

Opplysningar som har siva ut, tyder på at Regjeringa vil gjeninnføre ein utbytteskatt på aksjonærane si hand. Men ein vil forenkle noko i forhold til framlegget frå Skauge-utvalet. Dessutan er Regjeringa oppteken av å luke vekk mogelege smotthol.