VIDAR YSTADOslo

Dette opplyser Gundersen til Bergens Tidendes nettutgåve på telefon frå Berlin.

Det inneber at valstyret i Akershus har kome til eit anna resultat enn valstyret i Vestfold, som har underkjent lista til Frp-utbrytarane.

Gundersen får dermed stille liste ved stortingsvalet i heimfylket Akershus under partinamnet Det Liberale Folkepartiet.

Valstyra i samtlege 19 fylke må handsame og ta stilling til om nokon skal få stille liste under namnet Det Liberale Folkeparti. I 11 fylke har begge grupperingane som hevdar å representere DLF levert inn listeforslag med dette namnet. I åtte fylke er Frp-utbrytarane åleine om å stille under DLF-namnet.

Blir begge listene underkjend, slik som i Vestfold, må grupperingane levere inn 500 underskrifter frå myndige personar i valsoknet for å få rett til å stille liste.

Avgjerda frå valstyret i Akershus inneber også at dei «gamle» DLF-arane, som gjer krav på å representere det tidlegare DLF, ikkje får stille liste ved stortingsvalet.

— Det er ein svært dramatisk situasjon for oss når valstyra kjem med ulike signal og resultat, seier Gundersen som er valt til partiformann i Det Liberale Folkepartiet.

Gundersen reagerer sterkt mot at valstyret i Vestfold vik tilbake frå å ta ei avgjerd som han meiner valstyret pliktar å ta etter vallova, paragraf 26.

— Etter den paragrafen skal valstyret godkjenne lister ved valet, seier han.

Gundersen reagerer også sterkt mot at Kommunaldepartementet nå vik tilbake frå å gje råd og signal til valstyra.

— Det har vore vanleg at dei gjer det. Når dei unnlet å gje signal, kan det vere stor fare for at valstyra kjem til ulike resultat slik vi nå ser teikn til, seier Gundersen.

— Endeleg er det opprørande at politikarane i valstyra, som er konkurrentane vår, er dei som avgjer om vi får stille liste eller ikkje, seier Gundersen.