På Stord lufthamn sit Fitjar-piloten Eirik Eide og ventar på at kollega og Atlantic Airways-kaptein Johan i Niðristovu skal landa jetflyet på veg frå Alta. Snart strøymer 80 arbeidarar frå Aker Kværner Stord og underleverandørar ut av flyet, som skal vidare til Stavanger og tilbake til Stord for å plukka opp nok eit skift med arbeidsfolk til Snøhvit-prosjektet i Hammerfest.

I to år har flyselskapet frå Færøyane sikra trafikkgrunnlaget for Stord lufthamn Sørstokken takka vera kontrakten med Aker Kværner Stord. I mai i år har det gått ni fly i veka mellom Stord, Stavanger og Alta med Snøhvit-arbeidarar til Melkøya i Hammerfest. I tillegg har Atlantic hatt sju maskinar på oppdrag for Aker Kværner Stord i pendlarrute mellom Stord, Stavanger og Molde med operatørar til bygginga av Ormen Lange gassfabrikk på Nyhamna i Aukra. Det betyr at Atlantic Airways har forflytta over 10.000 arbeidsfolk på langs av Noreg berre i mai.

— Denne chartertrafikken er veldig viktig for oss, og har ført til ein sterk ekspansjon i selskapet dei siste to åra, seier administrerande direktør Magni Arge i Atlantic Airways til Bergens Tidende.

— I 2005 hadde vi ein vekst i omsetnaden frå 230 til 380 millionar danske kroner og i flyproduksjonen frå 5000 til 8000 timar. Då vi starta flygingane for Aker i 2004, hadde vi to fly. No har vi fem, og nummer seks er på veg, fortel Arge. 20 norske pilotar og kabinpersonale er tilsett i selskapet.

— Vi har kontrakt fram til neste vår, og har ei utfordring med å fylla opp aktivitet etter det. Vi håpar på eit vidare samarbeid om andre norske prosjekt, seier Magni Arge.