I meiningsmålinga Bergens Tidende i dag kan presentere, får Frp ein oppslutnad på heile 17,5 prosent. Partiet har aldri lege høgare på BT-målingane for Sogn og Fjordane dette året.

— Dette er fantastisk gledeleg, seier førstekandidat Åge Starheim.

— For meg er dette ei stadfesting på at veljarane trur eg og partiet kan gjere noko for folk i fylket. Eg skal love at eg aldri skal gløyme kvar eg kjem frå.

Starheim er ein politisk veteran. Han stod tidlegare i Høgre, og var mellom anna ordførar i Selje. Etter å ha skifta beite har han blitt både fylkesleiar og fylkestingsrepresentant for Frp.

— Frp har ein lang tradisjon i å gjere det godt på målingar i Sogn og Fjordane, for så å falle gjennom valnatta. Korleis skal du bryte denne trenden?

— Ved å halde fram med å fortelje at samferdslepolitikken er det viktigaste. Skal vi halde på industriarbeidsplassane i fylket, må infrastrukturen utviklast.

Ap på retur

Arbeidarpartiet går mest tilbake frå målinga i slutten av juni. Med 26,8 prosent må Reidar Sandal denne gongen sjå langt etter å få andrekandidat Ingrid Heggø med seg til Løvebakken.

Senterpartiet er tradisjonen tru på veg framover. Rett nok med berre eitt prosentpoeng til 19,1. Men når Liv Signe Navarsete og resten av Sps valkamporganisasjon har fått jobba nokre veker til, er det all grunn til å tru at partiet også ved dette valet vil hamne over 20 prosent valnatta. Men heller ikkje Sp kan rekne med meir enn eitt mandat.

Fjerdemandatet held SV, som med 13 prosent viser imponerande stabilitet på målingane. Men når Heidi Grande Røys er inne på denne målinga, er årsaka Aps tilbakegang.

— Dette viser at med berre fire mandat å fordele, er det ikkje berre viktig kor mange stemmer eins eige parti får. Det er nesten like viktig kva dei andre får, seier Knut Henning Grepstad, lokal valkommentator i Sogn og Fjordane.

Taparane

Femtemandatet frå fylket blir eit utjamningsmandat. Det er så godt som uråd å seie kva parti som vil få dette.

Dersom tendensen frå denne målinga held seg, blir Kristeleg Folkeparti og Høgre den store taparen. Partiet som ved valet for fire år sidan var tredje størst i fylket og pusta Sp i nakken, er meir enn halvert. Eit valskred må til siste vekene, dersom førstekandidat Per Steinar Osmundnes skal vere sikker på Sogn og Fjordane-benken. Også Høgre ser ut til å tape sitt mandat.

Grepstad meiner målinga ikkje speglar korleis valkampen har gått:

— Dette er ei måling teke i startgropa. Det er også viktig å leggje merke til at kvar tredje veljar ikkje har bestemt seg.