Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange har nyleg sendt brev til ei mengde private og offentlege verksemder. I brevet tilbyr dei å etablere ei «varslarteneste». Etableringskostnaden er sett til 4950 kroner. I tillegg kjem eit månadsgebyr.

Obligatorisk

Advokatfirmaet argumenterer med at etablering av varslingssystem er blitt «obligatorisk» etter endringar i arbeidsmiljølova;

«Alle virksomheter må derfor utarbeide rutiner som gjensidig skal ivareta varslerens rett til ønsket anonymitet, og samtidig virksomhetens behov for ikke feilaktig å komme i et dårlig lys som kan skade dens omdømme i markedet», heiter det i brevet frå advokatfirmaet. Tilbodet er også sendt til departementa og ei rekke andre offentlege instansar.

I søkjelyset

Advokatfirmaet kom sterkt i søkjelyset for handtering og gjennomgang av privat e-post i Redningsselskapet. Det var denne aktiviteten som resulterte i at Datatilsynet melde Redningsselskapet og dåverande generalsekretær Monika Kristensen Solås til politiet.

— Eg grøsser berre eg ser firmalogoen til dette advokatfirmaet. Tanken på at dei no vil tilby varslartenester er opprørande, seier Ingar Bie som er tillitsvald i Redningsselskapet, til Bergens Tidende.

— Det er litt av eit tankekors at dette advokatfirmaet går ut og marknadsfører seg med tilbod som skal sikre varslarar anonymitet. I Redningsselskapet prøvde dei å «stemple» varslarane som illojale medarbeidarar, seier advokat Nikolai Norman til Bergens Tidende. Han kjenner e-postsaka og forholda i Redningsselskapet godt etter å ha hatt oppdrag for fleire tilsette og faglege organisasjonar i Redningsselskapet.

Han opplyser at advokat Morten Steenstrup på allmøte i Redningsselskapet viste fram lett identifiserbare kopiar av e-postar frå tilsette i Redningsselskapet.

— Meininga må heilt klart ha vore å skremme. Advokatfirmaet gjekk fram på ein måte som tilsette oppfatta som trugande. Dei oppfatta at dersom dei ikkje innordna seg, ville det gå dei ille, seier Norman.

Private og offentlege

Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange held seg med eigen marknadssjef, Trygve Holtan-Hartwig. Det er Holtan-Hartwig som har underteikna brevet med tilbod om «varslartenester».

Holtan-Hartwig opplyser at han ikkje har detaljert kjennskap til advokatfirmaet si rolle i e-postsaka og Redningsselskapet. Han seier at dette var før hans tid i firmaet.

Han opplyser at firmaet har hatt hjelp til å plukke ut kven ein skal tilby desse tenestene til. Tilbodet er sendt både til private og offentlege verksemder. Hittil er det ikkje inngått avtale med nokon offentleg verksemd. Tilbodet er sendt til mellom andre Olje- og energidepartementet. Men der er det lite å hente for advokatfirmaet.

Alle departementa vil få eit felles opplegg for å handtere utfordringane i samband med varsling. Det er Fornyingsdepartementet som har ansvaret for dette.