Nå vurderer Advokatforeningen å gje Elden «eit lite vink», opplyser Wenche Siwers i Advokatforeningen til Bergens Tidende.

Tittelbruken

Tittelbruk advokat/høgsterettsadvokat og yngste advokat med møterett for Høgsterett har i ei årrekkje vore opphav til strid mellom norske advokatar.

Inntil lovendring i 1978 fekk advokatar som fekk godkjend «ståkarakter» for tre prøvesaker i Høgsterett, rett til å titulere seg «høgsterettsadvokat». Etter lovendringa har ingen fått rett til tittelen.

Nye advokatar som fekk møterett etter å ha hatt tre prøvesaker, fekk altså ikkje rett til tittelen. Dei måtte sjå på at eldre kollegaer nytta tittelen, utan sjølv å kunne gjere det. Tittelbruken vart oppfatta som konkurransevridande.

Sterk misnøye

Dette resulterte etter kvart i så stor misnøye internt i Advokatforeningen at foreininga oppmoda medlemene som hadde rett på tittelen, om å slutte å nytte tittelen. Ein passus om dette kom også inn i dei advokatetiske retningslinene.

Mange advokatar fylgde lojalt oppmodinga, men ikkje alle. Fleire seinare formenn i foreininga, gav blaffen i vedtaket frå foreininga. Det skapte ny misnøye.

— Toppen av dobbeltmoral, seier ein advokat til Bergens Tidende.

Enden på visa vart at Advokatforeningen fjerna passusen i dei etiske retningslinene.

I seinare år har fleire yngre advokatar dels late seg presentere som «høgsterettsadvokat» utan å ha rett til tittelen. Ein av desse er John Christian Elden. Han har heller ikkje gjort noko for å korrigere framstillinga av at han er den yngste gjennom tidene som har fått møterett for Høgsterett. Han var nær 32 år då han 14. mai 1999 fekk møterett.

Ville korrigere

Det er dette Hans Stenberg-Nilsen har villa slå ned på gjennom eit innlegg i Advokatbladet. Han var i 30 år fast forsvarar i Høgsterett, og han var i fleire år formann i Advokatforeningen. Dessutan er han «ekte» høgsterettsadvokat.

Elden er langt frå den yngste gjennom tidene som har fått møterett for Høgsterett. Fleire advokatar, både før og seinare har fått møterett i langt yngre alder.

I dag er kravet redusert til å få godkjend gjennomføring av to saker for Høgsterett. Det er dei fem dommarane i retten som avgjer om ein prøveadvokat står til prøva.

Scheel og Schei

Georg Scheel var 27 år då han 7. desember 1977 fekk møterett - og tittelen etter tre prøvesaker. Han er yngst, i alle fall i moderne tid.

Påtroppande høgsterettsjustitiarius Tore Schei var 28 år då han 11. oktober 1974 fekk møterett - og tittelen. Han hadde då hatt alle sine tre prøvesaker i løpet av ein månad!

Tidlegare justisminister Else Bugge Fougner var såvidt fylt 31 år då ho 5. desember 1975 fekk møterett etter tre prøvesaker.

To kjende bergensarar hevdar seg også godt i «konkurransen». Dagens styreformann i Bergens Tidende, Jan Einar Greve, var 31 år då han fekk prøva - og tittel 15. oktober 1964. Atle Helljesen, som nå bur i Stavanger, hadde så vidt fylt 30 då han fekk prøva 30. januar 1975.

Karoline Henriksen var 28 år då ho 26.mai 2000 fekk møterett etter å ha hatt to prøvesaker.

«MÅLSKIVE»: Mange i advokatstanden har sett seg leie på den sterke sjølveksponeringa yngre advokatar, som til dømes «kjendisadvokaten» John Christian Elden (35), driv.