Det fastslår advokatnestorane Hans Stenberg-Nilsen og Atle Helljesen overfor Bergens Tidende. Dei har begge vore formenn i Den Norske Advokatforening. Stenberg-Nilsen leier nå eit utval som gjennomgår Advokatforeningen sine etiske retningsliner.

Reglane mjuka opp

Advokatforeningen har i mange år hatt reglar som skal hindre at advokatar tek på seg oppdrag som gjer at det kan oppstå interessekonfliktar.

I kva grad reglane blir etterlevd, er eit anna spørsmål. Advokatforeningen leverer ingen oversikt som kan fortelje i kva grad advokatar blir ettergått for brot på reglane om å unngå interessekonfliktar.

I 1994 vart reglane mjuka opp etter krav frå fleire medlemer.

— Reglane var strengare og meir firkanta før justeringa, opplyser Helljesen.

Dei etiske reglane er prega av skjøn, og fleire kritikarar har hevda at advokatetikken er som ein strikk som kan tøyast etter behov.

Interessekonfliktar

I dagens reglar heiter det mellom anna om «interessekonfliktar»:

«En advokat skal ikke påta seg oppdrag hvis det som følge av oppdraget oppstår risiko for brudd på advokatens lojalitet og fortrolighet overfor klientene eller brudd på advokatens plikt til uavhengighet.»

Det er reglar som skal hindre «dobbeltrepresentasjon» - at advokaten representerer partar med motstridande interesser og hindre «klientkollisjon» - å ta oppdrag for ein klient mot ein av dei øvrige klientane. Det er også reglar som seier at advokaten må vere varsam med å ta oppdrag mot tidlegare klientar.

Pengekravet

— Store advokatfirma tolkar interessekonfliktreglane meir romsleg eller liberalt enn mindre advokatfirma, seier ein tidlegare advokat som nå er dommar.

Han meiner at storleiken i seg sjølv skaper problem: Store firma har høge krav til inntening. Det betyr uttalte mål og vilje til å oppretthalde marknadsprosentar. Det kan bety at den vesle klienten sine interesser kjem i skuggen av interessene til den store, faste klienten.

— Dei som oftast får problem er dei store advokatselskapa. Men etter mi vurdering har dei heilt klart skjerpa seg, seier Stenberg-Nilsen.

Han legg til at dei forsvarte seg med at dei hadde «vasstette skott» internt som skulle hindre interessekonfliktar.

Men slike «vasstette skott» eksisterer ikkje, meiner Stenberg-Nilsen.

Reagerte spontant

— Vi har reglar som skal hindre interessekonfliktar. I dei fleste advokatfirma går dette greit. Problema ligg heilt klart i dei store advokatselskapa som har store, faste klientar. Mindre advokatfirma som betener mindre tilfeldige klientar, kjem sjeldan opp i slike konfliktar, seier Atle Helljesen.

Han legg likevel til at han reagerte spontant då han såg at advokaten som opptrådte som forsvarar for Carl Fredrik Seim, samstundes var advokat for Mjellem & Karlsen.

Finansskandalane som er rulla opp det siste året har også retta søkelyset mot kombinasjonen styreverv og advokatoppdrag som mange norske advokatar har hatt.

Mykje av det som har kome til overflata av slike forhold, er ikkje like vakkert.

Personleg ansvar

— Som styremedlem har du eit personleg ansvar for dei disposisjonar styret og selskapet gjer. Dersom du også som advokat påtek deg å prosedere saker for selskapet i retten, betyr det at du må prosedere eiga sak. Det er inga god løysing, seier Helljesen.

— Styreverv og samtidig advokatoppdrag er ikkje uproblematisk, seier Stenberg-Nilsen.

— Eg vil ikkje utelukke at det kan vere praktisk i små firma på små stader. Men i større samanheng kan ein kome skeivt ut. Og når somme advokatfirma nå seier at dei kan dele oppgåva ved å la ein advokat sitje i styret og la andre i firmaet ta advokatoppdraga, er heller ikkje det noka god løysing. Ein er då like langt. Påstanden om «vasstette skott» i advokatselskapet, gjeld like lite her som i andre samanhengar, seier Stenberg-Nilsen.