Det er to som er fornærma i e-post-saka som har meld Steenstrup til politiet, opplyser politiadvokat Jon Leland i Asker og Bærum politidistrikt til Bergens Tidende.

Steenstrup har vore heilt sentral i den omfattande gjennomgangen av e-post som tilhøyrde tilsette i Redningsselskapet.

Til Advokatforeningen

Det er denne verksemda som ligg til grunn for at Datatilsynet melde Redningsselskapet v/ Monica Kristensen Solås til politiet 3. oktober i år for brot på personopplysningslova. Den saka gjeld at den tidlegare generalsekretæren har skaffa seg tilgang til privat e-post, også sletta e-post, og lese slik e-post.

Dei to tidlegare tilsette har også klaga advokat Steenstrup inn for Advokatforeningen for brot på god advokatskikk.

Steenstrup freista ved å levere tilsvar og 150 sider dokumentasjon, å få saka avvist i Advokatforeningen. Men Advokatforeningen har nå avgjort at klagen skal behandlast i full breidde.

Under tittelen «Kvalitetssikringsprosjekt i Redningsselskapet» skal Steenstrup ha presentert utvalde e-post-meldingar på storskjerm under eit allmøte i Redningsselskapet.

Identifiserbar

Det framgår av Datatilsynet sin granskingsrapport at e-posten som vart presentert på allmøtet, var identifiserbar slik at ein kunne sjå kvar han var henta frå. Tilsynet konkluderte med at det her hadde skjedd «ulovlig utlevering av personopplysninger».

Den konkrete presentasjonen vart gjennomførd av advokat Steenstrup.

Politiadvoklat Leland opplyser til Bergens Tidende at advokatfirmaet, som var engasjert av Redningsselskapet, skal ha presentert e-post frå fleire tilsette som det vart reagert imot.

— Då saka vart meld hit, vart det argumentert med at det som hadde skjedd var som «å kaset bensin på bålet og skjerpe konfliktane ytterlegare», seier Leland.

«Yrkesrisikoen»

Advokat Steenstrup uttalar via e-post til Bergens Tidende at han meiner det ikkje ligge føre brot på Advokatforeningen sine etiske retningsliner.

Han uttalar vidare at han tek «med den største ro» at han er meld til politiet av to tidlegare tilsette. «Det er ein del av yrkesrisikoen at motparten i ei sak går til slike urettmessige skritt», seier han.

I går kunne Bergens Tidende fortelje at Datatilsynet nå vurderer medverkaransvaret for dei som har hjelpt til å sletta eller gjere privat e-post tilgjengeleg for Monica Kristensen Solås.

I første rekke her står datafirmaet IBAS på Kongsvinger.

Politiadvokat Leland opplyser til Bergens Tidende at politiet vil vurdere medverkaransvaret på sjølvstendig grunnlag heilt uavhengig av om Datatilsynet vil melde også dette forholdet til politiet.

— Dersom vi kjem til at det har skjedd straffbare handlingar, vil vi også vurdere medverkaransvaret sidan det ansvaret framgår klart av lova, seier Leland.

Professor Erling Johannes Husabø, spesialist i strafferett ved Universitetet i Bergen, er også klar på at den som har medverka til ulovleg gjennomgang av e-post, kan straffast på line med den som faktisk ulovleg har lese e-post.

Avviser lovbrot

Olav Nysæter, som er sjef for etterforskingsavdelinga i IBAS, seier til Bergens Tidende at selskapet meiner ein ikkje har gjort noko ulovleg.

— Vi gjer alltid slike vurderingar før vi påtek oss eit oppdrag. Og vi krev at den som vil engasjere oss, også gjennomfører slike vurderingar før vi seier ja til eit oppdrag. Dersom det ikkje blir gjort, seier vi nei til oppdraget, og det har hendt fleire gongar i år, seier Nysæter.

IBAS har medverka til å framskaffe sletta e-post både i Redningsselskapet og i Vinmonopolet. Begge sakene har Datatilsynet meld til politiet, og begge sakene er under etterforsking.

Ifylgje Nysæter har IBAS hatt 150 etterforskingsoppdrag i Norden i år. Det er ei dobling frå i fjor. 60 prosent av sakene er frå Noreg, og over halvparten gjeld gjennomgang av e-post. IBAS tek også oppdrag for politiet.

AVVISER: Advokat Morten Steenstrup seier til Bergens Tidende at han tek«med den største ro» at han er meld til politiet av to tidlegare tilsette iRedningsselskapet. Han avviser at han har gjort seg skuld i brot påAdvokatforeningen sine etiske retningsliner. FOTO: SCANPIX