Saka gjeld Norman sitt avslag på krav om innsyn i søkarliste til fylkesmannsjobben i Østfold. Namna på alle søkarane, så nær som ein svenske, vart haldne hemmeleg, etter avgjerd frå Norman.

Krev ny vurdering

Ombodsmannen be nå «departementet undergi spørsmålet om innsyn i søkerlisten en ny vurdering. I forbindelse med en slik vurdering legger jeg til grunn at departementet særskilt vil vurdere de kritiske bemerkningene jag har fremført», skriv ombodsmannen. Han meiner det ligg føre « «begrunnet tvil» til forhold av betydning» for departementet si avgjerd.

I februar, medan ombodsmannen behandla klagesaka, vart ein av dei «hemmelege» søkarane, Anne Enger Lahnstein, utnemnd til ny fylkesmann.

Ombodsmannen går i rette med den grunnleggande argumentasjonen som departementet har nytta for å hemmeleghalde namna på søkarane.

Mistolka

Han meiner departementet har mistolka premissane som låg til grunn då offentleglova i 2000 vart endra slik at den opna for å kunne unnta søkarar frå ei offentleg søkarliste.

«Jeg er generelt betenkt i forhold til at departementet ... har anført» skriv han

Ombodsmannen har eksplisitte konkrete kritiske innvendingar mot hemmeleghaldet når det gjeld fem av dei seks hemmeleghaldne søkarane.

På punkt etter punkt avviser ombodsmannen dei argumenta som departementet har nytta for hemmeleghald. Argument som i og for seg kan vere relevante for hemmeleghald, «kan ikke være tilstrekkelig».

Omstilling og åremål

Ein kan ikkje legge avgjerande vekt på at ein av søkarane leier ein organisasajon som er under omstilling, og at det ville bli uheldig om søknaden vart kjent. Ombodsmannen viser til at det offentleg vcerksemd «nærmest kontinuerlig pågår omstillingsprosesser».

At ein søkar er midt inne i ein åremålsperiode på seks år i nåverande stilling og vil vere interessert i å søke eit nytt åremål, held heller ikkje som argument for hemmeleghald.

«Jeg kan vanskelig se at det er i tråd med en reell meroffentlighetsvurdering å legge nevneverdig vekt på et slikt hensyn».

«Svekke tilliten»

Ein av søkarane har gjeve ein «rent personlig begrunnelse».

«Selv om personlige hensyn etter en konkret vurdering kan være relevant, finner jeg grunn til å sette spørsmålstegn ved departementets vurdering i dette tilfellet, særlig ut fra hva som måtte anses allment kjent om vedkommendes arbeidssituasjon på søknadstidspunktet.»

«Endelig vil jeg gi uttrykk for at jeg er kritisk til den vurderingen departementet har gjort i forhold til søker nr. 6, og da særlig det dokumenterte grunnlaget departementet har bygget på.

Grunngjevinga frå søkarane vart at «det lett ville skape problemer i forhold til (søkerens) nåværende arbeidssituasjon».

Overfor ombodsmannen er det opplyst at departementet hadde hatt telefonisk kontakt med denne søkaren der sysnpunkta skal ha blitt utdjupa.

Ombodsmannen finn det «klart uheldig» i at det nærare innhaldet ikkje er nedteikna skriftleg eller formidla til ombodsmannen.

«Dette er egnet til å svekke tilliten til departementets avgjørelse, og det gjør det umulig for ombudsmannen å foreta en konkret etterprøving av departementets vurdering» skriv ombodsmannen.

Han meiner også at departementet har gjort seg skuldig i «uheldig og uriktig forståelse» av korleis ein skal orientere aktuelle søkarar om praktiseringa av innsynsretten i søkarlister.