I neste års statsbudsjett aukar regjeringa ramma for ordninga med rentekompensasjon for vedlikehald av kyrkjene med 800 millionar kroner. Ordninga vart innført for tre år sidan og inneber at staten kompenserer for renteutgifter ved investeringar til istandsetjing av kyrkjer, inventar og utsmykking.

— Rentekompensasjon og styrking av kommuneøkonomien er dei to viktigaste grepa vi kan gjera for å hjelpa på situasjonen. Den vidare innsatsen må politikarane på lokalnivå ta seg av, seier statssekretær Halvard Ingebrigtsen (Ap) i Kultur- og kyrkjedepartementet.

Han strekar under at kyrkjevedlikehald er kommunane sitt ansvar etter lova, men at det finst ulike nasjonale ordningar for mellom anna mellomalderkyrkjer og stavkyrkjer.

— Men det ordinære vedlikehaldet av dei aller fleste kyrkjene er altså ei kommunal oppgåve. Vi ønskjer likevel å stimulera til større innsats på dette området. Vi er godt kjende med dei store utfordringane kommunane står overfor. Dette er eit nasjonalt problem. Men vi håpar og trur at rentekompensasjon og styrking av kommuneøkonomien har gjort situasjonen betre somme stader. Vi har sett fleire døme på at kommunar har tatt skikkeleg tak og fått betra tilhøva, seier Ingebrigtsen.