VIDAR YSTAD

Oslo

Dette framgår av opplysningar sekretariatsleiaren for Innsynsutvalet, Svein Wiiger Olsen, gjev til Bergens Tidende.

Inntil 7. desember var det ferdigbehandla 5979 søknadar om innsyn. Etter den tid er det avslutta ytterlegare 400 saker slik at det samla talet er kome opp i om lag 6300 saker.

Då fristen for å søke om innsyn gjekk ut 31/12 2002, hadde Innsynsutvalet motteke om lag 13000 søknadar. 138 av søknadane vart avvist som for seint innkomne. Det innebar at det kom inn meir enn tre gonger så mange søknadar som venta. I utgangspunktet var det stipulert med 4000 søknadar.

Meininga var at innsynssøknadane skulle vere ferdigbehandla innan utgangen av 2004. Nå reknar utvalet med at ein ikkje er ferdig før godt ut i 2006.

I løpet av 2004 er det sluttbehandla vel 2000 saker. Ved førre årsskifte var 4217 saker ferdigbehandla. Det var gjeve innsyn i 1605 saker, ikkje gjort funn i 2055 saker medan det var nekta innsyn i 193 saker.

Pr. 7/12 2004 var talet på innsyn kome opp i 2137 saker, ingen funn i 3253 saker nekta innsyn i 292 saker. Sidan er ytterlegare 400 saker avslutta utan at fordelinga er førd inn i statistikken.

Erstatning kan gjevast til personar som urettmessig har fått svi yrkesmessig, til dømes blitt hindra karrieremessig, på grunn av regelstridig overvaking og utveksling av personopplysningar frå overvakingspolitiet si side.