Bombene er restbehaldninga av klasebomber som vart innkjøpt i 1976.

Dette framgår av opplysningar pressetalsmann Per Høiby i Forsvarets Overkommando gjev til Bergens Tidende.

Ifylgje Høiby var avgjerda om å destruere bombene eit direkte resultat av at Stortinget i juni i fjor gjorde vedtak om å arbeide for eit forbod internasjonalt mot bruk av klasebomber.

Ingen ordre

Men Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO), luft, har ennå ikkje fått ordre om at klasebombene skal destruerast.

Det opplyser oberst Arnt Inge Arntsen i FLO,luft, til Bergens Tidende.

Destruksjon av klasebombene vil mest sannsynleg skje ved Forsvaret si avdeling i Lærdal, når ein ordre om destruksjon måtte kome, opplyser Arntsen.

Klasebombene går under namnet «Mark 29 Rockeye II». Dei er produsert i første halvdel av 1970-talet og vart innkjøpt i 1976. Om det er gjort suppleringskjøp seinare, har det ikkje vore råd å få klarlagt nå.

Klasebombene er fleire gongar nytta av norske jagarfly under øvingsskyting. Siste gong skal ha vore i 1989. Grunnen til at dei ikkje skal vere brukt seinare, er dels at dei «har gått ut på dato», dels at dei ikkje er så eigna for flytypen F 16 som for forgjengarane, F 5 og F 104, ifylgje Høiby.

Klasebomber for artilleri

Noreg har også store mengder av artilleriammunisjon som inneheld «klasebomber». Her finst det to typar, ein som inneheld 63 «minibomber» og ein nyare type som inneheld 49 «minibomber».

Den siste typen er det dreve testskyting med på Hjerkin-skytefeltet i sommar, opplyser major Per Johnny Pedersen til Bergens Tidende.

Dette er gjort for å teste ut korleis bombene oppfører seg i lufta, for å sjå banen og gjere effekten best mogeleg.

Forsvarets Overkommando vedgår at klasebombene og artillerigranatane har mange likskapstrekk, reint teknisk.

Sjølvøydeleggande

— Men dei er ulike taktisk. Klasebombene er tenkt brukt bak fienden sine liner, artillerigranatane blir brukt i stridsfeltet.

-Dessutan har artillerigranatane sjølvøydeleggande innretningar som gjer at dei blir destruert i løpet av få sekund etter at dei er skotne ut, seier Høiby.

Major Pedersen stadfester at artillerigranatane har sjølvdestruerande mekanismar.

— Men som alle tekniske innretningar, hender det at teknikken sviktar. Difor må vi også overfor denne typen ammunisjon drive søk etter blingjengararar, seier Pedersen. Han meiner at blindgjengarar opptrer i mindre enn ein prosent av tilfella.

Ifylgje Pedersen inneheld kvar av desse «minibombene» om lag 30 gram sprengstoff. Det er noko mindre enn dei gamle handgranatane.