Til saman utgjer dette 72 millionar kroner.

— Fordelinga til dei norske slavearbeidarene er nå klar. Brev om tildeling av pengar er allereie undervegs, opplyser Kristian Ottosen til Bergens Tidende.

Halve beløpet nå

Ottosen, som er leiar for Nasjonalhjelpen, har vore norsk representant i komiteen som har ansvaret for fordelinga. Komiteen har kontor i Sveits.

I første omgang vil dei som blir tilkjent erstatning få utbetalt halve beløpet, 7500 tyske mark, eller 30.000 norske kroner.

Forklaringa på at beløpet berre er det halve av det stipulerte, er at tilstrøyminga frå Mellom-Europa av søkarar som gjer krav på erstatning er langt høgare enn venta. Difor har ein ikkje våga å betale summen fullt ut, før behandlinga er ferdig og en ser at ein får nok, opplyser Ottosen.

Solid norsk dokumentasjon

Frå norsk side har ein langt betre dokumentasjon, eller datagrunnlag, for å kunne vurdere krav som kjem inn, enn frå noko anna land, seier Ottosen. Han forklarar det med den store interessa og det sterke engasjementet som fangefronten har hatt i Noreg i alle år etter krigen.

I samband med 50-årsminnet for frigjeringa i 1995, vart det utarbeidd oversiktar som synte at minst 40.000 nordmenn, menn kvinner og barn, hadde vore arrestert av tyskarane under krigen. Sidan vart arbeidet med denne oversikten komplettert slik at den kom opp i over 44.000 namn.

— Dette materialet er nå samla i ein database som vil bli overlevert til Riksarkivet. Vi har hatt stor nytte av dette materialet for å sjekke dei krava om erstatning som har kome inn frå Noreg, seier Ottosen.

Han opplyser at ein frå norsk side stipulerte at maksimalt 1500 nordmenn ville kunne fremje krav om erstatning for å ha vore slavearbeidar.

Forlenga frist

Det har kome inn noko over 1200 søknadar. Søknadsfristen er forlenga frå august i år til ut dette året. Berre personar som var i live pr. 15. februar i 1999 hadde rett til å fremje krav. Slektningar av dei som har døydd sidan, vil ha rett til å fremje krav.

Erstatningsordninga vart vedteken av den tyske Forbundsdagen. Det er den tyske staten som saman med tysk industri har sett av 100 milliardar D-mark, rundt 400 milliardar kroner, til erstatningsoppgjeret.