Under 100.000 nordmenn er arbeidsledige. Resten er yrkeshemma, uføretrygda førtidspensjonerte eller får annan stønad.

Samstundes er det mangel på arbeidskraft i Noreg. Det er vanskeleg å rekruttere kvalifiserte arbeidarar. Og nå er det også for få ufaglærte.

Fleire av innleiarane på Aetat sin årlege vårkonferanse om arbeidsmarknaden i går var opptekne av at så mange står utanfor det ordinære arbeidslivet.

Arbeidsdirektør Inger-Johanne Stokke ropar eit alvorleg varsku etter at talet på yrkeshemma i oktober i fjor passerte talet på arbeidssøkande. Begge grupper låg då i overkant av 90.000 personar.

Talet på yrkeshemma har vist ein kraftig vekst medan talet på arbeidssøkande har vist fallande tendens. Dette er ifølgje Stokke det mest dramatiske i dag.

Dei yrkeshemma er folk som på grunn av sjukdom, skade eller lyte har problem med å kome inn på arbeidsmarknaden.

Stadig høgare nivå

Samstundes viser talet på ledigmeldte ein klart stigande tendens over tid. Etter konjunktursvingningane sidan 1970-talet og ny konjunkturoppgang, har talet på arbeidslause etablert seg på eit stadig høgare nivå. Gjennomstittstalet har auka frå 0,8 prosent i 1974 til 3,2 prosent i 2004, altså ei firedobling.

Det nye ved utviklinga er, ifølgje Stokke, at arbeidsløyse nå også råkar høgt utdanna, at det er stor geografisk spreiing, at det er stor arbeidsløyse også mellom folk som har vore tilsett i offentleg sektor og at det er ei jamnare fordeling av arbeidsledige mellom menn og kvinner. Det siste kjem av høgare kvinnedeltaking i arbeidslivet.

Eit anna nytt trekk er at Oslo nå ligg heilt i landstoppen når det gjeld arbeidsløyse. Denne utviklingstendensen ser ein også i andre større byar, som til dømes Bergen.

«Dobbel arbeidsløyse»

Medan dei offisielle tala for arbeidsledige ligg på rundt fire prosent, er det verkelege talet, når ein reknar inn dei yrkeshemma, rundt åtte prosent, fastslo administrerande direktør Finn Bergesen jr. i NHO.

Samla utgjer desse gruppene ein arbeidskraftressurs som går tapt og som utgjer eit stort potensial for auka velferd, ifølgje Bergesen.

Bergesen trekte fram resultata av ei nyleg publisert undersøking frå Statistisk Sentralbyrå: Den viser at utsiktene til å bli yrkeshemma eller ufør er fire gongar høgare for ein med låg utdanning enn ein med utdanning frå universitet eller høgskule. Dei yrkeshemma er langt tyngre å få ut i arbeidslivet enn andre arbeidssøkarar.

Bergesen hevda at det viktigaste arbeidet Aetat kan gjere dei neste åra, er å få fleire yrkeshemma i arbeid og å hjelpe bedriftene med bedriftsinternt attføringsarbeid.

Dramatiske konsekvensar

Nestleiar i LO, Roar Flåthen, hevda at moteord som «omstilling, nedlegging og flytting» er ein del av kvardagen som mange blir råka av. Det fører til at folk blir rykka opp med røtene der både arbeidsplass og nettverk går tapt. Konsekvensen blir ofte at folk blir sett utanfor arbeidslivet.

Flåthen mana også arbeidsgjevarane til engasjement og innsats for eldre arbeidstakarar:

— Kor ofte fører arbeidsgjevaren gode samtalar med folk over 60 eller folks som nærmar seg 60, som viser at arbeidsinnsatsen og kompetansen blir sett pris på og viser ønskje om at arbeidstakaren skal bli ståande i jobb? undrast Flåthen.

50 + - eit stort problem

Statssekretær Helge Eide (KrF) i Arbeids- og sosialdepartementet var også sterkt oppteken av dei 700.000 som står utanfor den ordinære arbeidsmarknaden. Han gav uttrykk for at den viktigaste utfordringa i åra framover blir å syte for at folk over 50 år blir ståande i arbeidslivet.

Han fortalde om ein vel 50-årig mann med bakgrunn i databransjen, som etter at han vart arbeidsledig for tre år sidan, hadde søkt over 90 jobbar utan å få eit einaste napp. I fortviling hadde han skreve til departementet.

Han hadde ikkje blitt innkalla til intervju til ein einaste jobb. Han hadde tilbode seg å gjere kva som helst. Når han i ettertid hadde kontakta dei som hadde lyst ut ledige jobbar for å få høyre kva som hadde skjedd, hadde han fått til svar at han var overkvalifisert.

Sjølv hadde han antyda overfor ein av direktørane at alderen hans kanskje var eit lite problem?

— Nei, det er eit stort problem, var svaret han fekk.

<b>DRAMATISK:</b>Arbeidsdirektør Inger-Johanne Stokke ropar varsku etter at talet på yrkeshemma i oktober i fjor passerte talet på arbeidssøkande. FOTO: SCANPIX