KJERSTI MJØR

— Sjølv om eg er stiv og haltar litt, har det gått mykje betre enn eg trudde, seier Norevik til bt.no søndag ettermiddag. - Det er ei påkjenning for føttene å gå time etter time på asfalt, men eg er veldig fornøgd med beina mine. Det har han all grunn til. Takka vere dei ligg han no 2,1 mil foran skjema.

I tretten dagar skal Norevik gå og gå for å vise at det nyttar med rehabilitering etter sjukdom. Men marsjen er også ein kritikk av forsikringsselskapa, som nektar han livsforsikring, sjølv om han for lengst er friskmeldt.

I ettermiddag kom han heim igjen til Askøy for kvelden og natta. Neste etappe på 3,5 mil startar på Frekhaug, og går over Nordhordlandsbrua, om Hordvikneset, så gamlevegen frå Ytre Arna mot Garnes. Først når han er framme ved Kvisti bru stoppar han.

-Men er eg i god form, legg eg kanskje på nokre kilometer, seier ein optimistisk Norevik.