Dette går fram av ein rapport Riksrevisjonen i går overleverte til Stortinget.

— Dei offiserane det gjeld, har dels fått krav om tilbakebetaling, dels er det reagert med tilrettvising, opplyser pressetalsmann Per Høiby i Forsvarets Overkommando til Bergens Tidende.

Ein offiser har fått krav om å tilbakebetale heile 90.000 kroner. Det tilsvarer rundt 200 overtidstimar. Totalt er det kravd tilbakebetalt 600.000 kroner som betyr eit snitt på vel 20.000 kroner per mann.

Krev tilbakebetaling

Ingen er blitt degradert. Tilbakebetalingane gjeld frå nokre tusen og opp i fleire titals tusen. Reaksjonane omfattar også nokre sivilt tilsette.

Det er berre forhold frå 2002 som er undersøkt, kva som har skjedd i tidlegare år, eventuelt for dei same offiserane, er ikkje undersøkt.

Høiby vil ikkje opplyse kor høgt opp i hierarkiet dei ulovlege utbetalingane har gått. Han nøyer seg med å seie at det «går opp i sjefssjiktet under forsvarssjefen».

Ikkje rett på overtid

Kontrollen har avdekka at ei rekke offiserar med grad oberstløytnant/kommandørkaptein eller høgare, har fått godtgjort overtid på meir enn 300 timar.

— Det er det ikkje høve til etter regelverket. Dei går inn under «leiande personell», som ikkje har rett til å få utbetalt slikt tillegg, seier ekspedisjonssjef Hans Conrad Hansen i Riksrevisjonen, til Bergens Tidende.

Riksrevisjonen har avdekka betydeleg svikt og manglar ved internkontroll og attestasjonar ved utbetalinga av lønstillegg. Heile 900 personar i leiande stillingar er registrert med overtid, 32 av desse med meir enn 300 timar.

Etter hovudtariffavtalen har ingen i leiande stillingar rett på overtid i det heile. Men dei kan likevel i visse tilfelle få godtgjort inntil 300 timar.

Det er berre personar som er honorert for meir enn 300 overtidstimar, det nå er reagert mot, opplyser Høiby.

Kraftig vekst, lite kontroll

Utbetaling av økonomisk kompensasjon auka med nær 50 millionar kroner frå 2001 til 2002. Det er svake rutinar for dokumentasjon. Det har vanskeleggjort kontrollen, fastslår Riksrevisjonen.

Utbetaling av øvingstillegg for øvingar utanfor arbeidstid, auka med nesten 50 prosent i fjor, frå 308 til 444 millionar. Også kontrollen av desse utbetalingane er vanskeleggjort på grunn av dårleg dokumentasjon.

Riksrevisjonen slår også ned på kjøp av konsulenttenester, mellom anna frå tidlegare tilsette i forsvaret.

«Kontraktene forlenges ofte over en lang periode med mangelfull begrunnelse. Det er avdekket utstrakt bruk av opsjoner som innebærer at oppdragene og utbetalingene kan bli utvidet i betydelig grad i forhold til opprinnelig avtale. For en del kontrakter er opsjonsvilkårene ikke i samsvar med regelverket», fastslår Riksrevisjonen.

«Returprovisjonar»?

— Kan det vere mistanke om returprovisjonar, Hansen?

— Problemet vårt, om det skulle vere noko slikt, er at vi ikkje har tilgang til data, konti, som ville kunne avsløre slike transaksjonar. Vi veit berre kva som har gått ut på det eine sida, frå Forsvaret. Vi er difor litt handikappa her, seier Hansen.

Han viser i den samanhengen til at det i framlegget til ny lov for Riksrevisjonen er lansert forslag om at Riksrevisjonen skal få høve til utvida samarbeid med politi og fylkesskattesjef.

Forsvaret får også sterk kritikk for at Forsvarsbygg har gjort omfattande innkjøp i strid med regelverket for offentlege innkjøp.

MÅ BETALE TILBAKE: Riksrevisor Bjarne Mørk-Eidem overrekte i går Stortinget dokument mellom anna knytta til juks med overtidsutbetalingar til høgståande offiserar i Forsvaret. Seks av reknskapane til statsforvaltninga for 2002 blir ikkje godkjende av Riksrevisjonen.<p/> FOTO: SCANPIX