Det blir i år sendt purring på 235 233 årsavgiftskrav. Dette utgjer 7,6 prosent av hovudutsendinga av krav som gjekk ut i februar. Årsavgifta hadde forfall 20. mars, skriv Toll— og avgiftsdirektoratet i ei pressemelding.

Talet på purringar er omtrent på same nivå som i fjor. Det blei sendt ut nær 3,1 millionar krav om årsavgift i februar, noko som er 85 500 fleire enn i 2006. Avgifta gir over 7,5 milliardar kroner i inntekter til statskassa.

Sogn og Fjordane er det fylket som kjem best ut, berre 5,8 prosent av årsavgiftskrava står ubetalt. I den andre enden av statistikken er Finnmark, der 9,5 prosent får purring i posten.

Fristen for å betale purringa er 25. mai. Dersom avgifta ikkje blir betalt innan 25. mai, vil køyretøyet bli vedtatt avskilta.