• Dette vil visst ingen ende ta, seier Lars Petter Tafjord til Bt.no. Ved 13-tida torsdag kunne han offisielt melda inn 21,6 varmegrader til Meteorologisk institutt.

Han har offisiell målestasjon i tunet sitt i Tafjord på Sunnmøre.

Men det var enda varmare litt tidlegare på dagen, medan Tafjord køyrde ein tur til Geiranger med betongbil.

— Maksimumstemperaturen synte så nær opptil 22 grader som det går an å koma, men det er 21,6 grader, målt klokka 12.42 og innmeldt til kl. 13.00, som blir ståande som den offisielle temperaturen, melder Lars Petter Tafjord frå sunny Sunnmøre.

21,6 grader er soleklar temperaturrekord for november. Tafjord tangerte onsdag den gamle norske novemberrekorden på 18,5 grader frå Sunndalsøra i 1984. Tidlegare Tafjord-rekord er 18,2 grader frå november 1980.