Vi kan alle ha problem med å huske kor vi var i går. Men i fjor på denne tida? Herleghet, det sit fastbrent. Kanskje sjekka du tilfeldigvis nettavisene eller høyrde på radio. Truleg, og her snakkar eg nok for mange, tenkte du ein del på at dette strengt tatt ikkje kunne skje.

Få timar etter bombeangrepet, som ein av dei første fotografane, var BTs fotograf Håvard Bjelland ved Utvika, ei unnseleg vik vanlegvis assosiert med ein campingplass, om noko i det heile. Sidan har han fulgt terrorsaka tett — og tatt alle bileta i denne serien.

Og sidan har det heldigvis gått eitt år. Dette er nokre av dei mange tusen bileta som er tatt sidan den gong. Truleg, og her snakkar eg nok framleis for ein del, tenkjer du enno at dette strengt tatt ikkje kunne skje.

EIN NASJONS NULLPUNKT: Dei twitra, ringde og facebooka for livet mens ein drapsmann kunne gå uforstyrra rundt i 80 minutt. Nokre seier han lo. Nokre hugsar best løgnene han serverte for å lokke dei fram. Andre hugsar kor lang tid det tok før unnsetninga kom.
HÅVARD BJELLAND
ETTER OPPRYDDINGA: Ti døde blei frakta til Storøya før politiet fann ut at lika på Utøya måtte liggje der dei låg. 26. juli var oppryddinga ferdig på kommandosentralen til redningsetatane. Berre bårene stod igjen.
HÅVARD BJELLAND
KVARTALETS SKJEBNE: Rive alt og byggje nytt, eller rekonstruere slik det var 21. juli? Neste år skal regjeringa få tilrådingane om kva som bør skje med regjeringskvartalet og ikkje minst Erling Viksjøs høgblokk frå 1958.
15.25.22: Kor mykje skulle til før alt hadde rast? Ein del meir enn 950 kilo kunstgjødsel, ifølgje Forsvarets bombeekspertvitne i rettssaka. Han fekk det til å høyrest tryggjande ut. Breivik sjølv var misfornøgd med at han ikkje rakk å slå til tidlegare, før kontortida var over for mange.
HÅVARD BJELLAND
LEIAREN OG LEIAREN: Anniken Huitfeldt, sjølv tidlegare AUF-leiar, fekk meldingar om at noko var forferdeleg, forferdeleg gale ettermiddagen 22. juli. Ho kom til Sundvolden Hotel, der Eskil Pedersen allereie dagen etter heldt pressekonferanse. - AUF lever vidare, sa Pedersen.
HÅVARD BJELLAND
UTTRYKKET: Det er nokre tidels sekund vi snakkar om. Statsministeren, eller Jens, legg armen rundt skuldra til AUF-leiaren, eller Eskil. Klemmen varer ei stund. Så går munnvikane lynraskt nedover til det som minner om sinne. Så går dei tilbake til vemodet.
HÅVARD BJELLAND
BLOMETOGA: Aldri meir naivitet, sa vi, og tok med oss roser til tog rundt i kvar ein by, som i Oslo 25. juli.
HÅVARD BJELLAND
SKRENTEN: Til vanleg er det ikkje staden du ville tenkt som ein opplagt opphaldsplass. Ei lita hylle, oppe til venstre på biletet, blei gøymestaden for mange på Utøya. Dei pressa seg saman. Ei jente sa: Eg vil ikkje ligge ytterst. Ei anna jente sa: Då byttar vi plass. Rett etter kom Breivik. Han såg dei.
HÅVARD BJELLAND
HIT KOM DEI: Rundt ho var det blod, kalde ungdommar, skotskadar, knuste skuldrar. Ellinor Pay Heitmann var vakthavande medisinsk overlege ved Ringerike sykehus 22. juli. - Det var så stille. Ikkje eingong eit skrik, hugsar ho.
HÅVARD BJELLAND
KOMMISJONERING: «Regjeringen har i dag oppnevnt 22. juli-kommisjonen som skal foreta en uavhengig og bred gjennomgang og evaluering for å trekke lærdom av angrepene på regjeringskvartalet og Utøya», sa Stoltenberg. 13. august får vi vite kva Alexandra Bech Gjørv har funne ut.
HÅVARD BJELLAND
OVERLEVDE: Eskil Pedersen og Mette Valle var begge på Utøya.
HÅVARD BJELLAND
SUNDVOLLEN: Psykotisk! sa den første sakkunnig-rapporten, 29. november. Sidan blei norsk rettspsykiatri ikkje heilt den same. På Sundvolden Hotel, staden for så mykje sorg, viser nyhenda biletet av ein litt stakkarsleg fyr.
HÅVARD BJELLAND
TELEFONSAMTALEN: Breivik: Kjempefint, hei. Politiet: Eg har ikkje telefonnummeret! Hallo! Slik avslutta telefonsamtalen mellom politi og terrorist. 18. august møtte polititoppar frå Hønefoss, Oslo, Norge og Delta-troppen for å fortelle om Breiviks innringingar og kor kaotisk 22. juli var.
HÅVARD BJELLAND
HELTAR: Oddvar Hansen (til venstre) og Jørn Øverby var dei som måtte trå til då politiet ikkje klarte å komme seg over for eiga maskin. Først redda dei livredde, kalde ungdommar opp frå Tyrifjorden. Så, med sambuaren bak i båten, køyrde Oddvar Hansen dei aller første politimennene til Utøya.
HÅVARD BJELLAND
TERRASSE UTE AV DRIFT: Debbie Bakke ser kvar dag over til øya ho ikkje lenger har lyst å sjå. Den første tida klarte ho ikkje å sitje på terrassen. Ho håpar ungdommane kjem tilbake.
HÅVARD BJELLAND
KJØP OG SAL: Langt inne i ein polsk skog, forbi GPS-ens virkeområde, låg det forfalne småbruket. Herfrå har denne mannen - Tomasz P., som han blir kalla av polsk påtalemakt - sendt bombeingrediensar til både Europa, Norge og Breivik.
HÅVARD BJELLAND
IKKJE AKKURAT STASI: «Ikke engang Stasi-Tyskland ville ha oppdaget ham», sa tidlegare PST-sjef Janne Kristiansen. Anders Behring Breivik blei meldt inn gjennom anti-terrorprosjektet Global Shield, kunne BT avsløre i august. PST gløymde å seie akkurat det.
HÅVARD BJELLAND
RIDDAR UTAN HEST: Ridderjustitiariusen/fotsoldaten (alt etter kva han synest passar) møtte ein full rettssal for første gong i fengslingsmøtet 6. februar. Han sa: Eg fortener Krigskrossen med tre sverd.
HÅVARD BJELLAND
HAN SOM IKKJE BLEI REDDA: 14 år gamle Torje Hanssen sumde ut for å bli redda av Jørn Øverby. Skot gjorde at begge måtte snu, Torje tilbake til Utøya, Øverby bort frå øya. Lenge trudde Øverby at den raudhåra guten han hadde sett, var død. I mai såg dei kvarandre igjen for første gong.
HÅVARD BJELLAND
EIN GAL, GAL MANN: Politisk terrorist (som han sjølv likar å tenkje) eller ekstreme drapsfantasiar (som to av psykiatrane meiner). Eller, kven veit, kanskje litt av begge. 16. april starta den mest omtalte rettssaka i nyare tid. Her nektar han straffskuld for 77 drap.
HÅVARD BJELLAND
I <3 OSLO: To dagar etter rettssakas start, var det igjen OSLOVE.
HÅVARD BJELLAND
DEN FØRSTE MELDINGA: «En antatt gjerningsmann er pågrepet på Utøya, bekrefter Nordre Buskerud politidistrikt. Det er ukjent hvem han er og hvilken bakgrunn han har, opplyser politiet». Nøyaktig kven han er, er strengt tatt framleis ei lita gåte.
HÅVARD BJELLAND
STORØYA: 22. mai 2012 var ein fin dag ved Storøya. Hit blei dei første ti døde ungdommane frakta, tidleg på kvelden ti månadar tidlegare. Det fins heldigvis ikkje spor igjen.
HÅVARD BJELLAND
DJEVELENS ADVOKATAR: «He's insane» sa Geir Lippestad då han inviterte til pressekonferanse på engelsk 26. juli. Sidan har han vakta seg vel for ordet. Under sluttprosedyren argumenterte Lippestad så kraftig for at Breivik var tilregneleg, at Breivik sjølv måtte minne om at han aller helst ville bli frifunne.
HÅVARD BJELLAND
SISTE DAG: 22. juni, 11 månadar, går Anders Behring Breivik ut frå rettssal 250. Han fekk sagt sine siste ord: Moralsk forfall. Melodi Grand Prix. Sex og singelliv. Politisk terrorist. Så gjekk han ut saman med forsvarar Tord Jordet.
HÅVARD BJELLAND
RUINEN OG GJERNINGSMANNEN: For førebels siste gang, etter 42 dagar med rettssak, blei Anders Behring Breivik 22. juni frakta heim til Ila frå Oslo tingrett. 24. august kjem dommen.
HÅVARD BJELLAND