— Dette er uråd å finna ut av ettersom det ikkje finst statistikk. Men vi bruker å seia at mellom to og ti prosent av norske arbeidstakarar slit med dette problemet, seier generalsekretær Lucie Paus Falck i AKAN til Bergens Tidende.

I år er det 40 år sidan LO og NHO etablerte Arbeidslivets komité mot alkoholisme og narkomani (AKAN). AKAN har ikkje oversyn over kor mange norske bedrifter som har gjort frivillig avtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar om å hjelpa tilsette med rusproblem. Men årleg sender knapt 1500 verksemder med totalt over 420.000 tilsette inn årsrapport der AKAN-arbeidet er omtalt.

701 fekk åtvaring

I fjor melde desse bedriftene frå om 701 personar som var i formelle AKAN-opplegg basert på åtvaring frå leiinga. 78 prosent av tilfella skuldast misbruk av alkohol, 11 prosent narkotika og 11 prosent medikament.

Nærmare 80 prosent av deltakarane greier å halda på jobben etter AKAN-deltaking.

— Vi får inn veldig konstante tal frå år til år når det gjeld personar som er i AKAN-opplegg. I arbeidslivet har vi dei siste åra opplevd at det i jobbsamanheng er fleire arrangement enn før der det blir brukt alkohol. Det dreier seg om reiser, seminar og representasjon. Samstundes er det eit inntrykk at bedriftene er meir varsame med alkoholen på kurs og konferansar, seier Lucie Paus Falck.

Rogalandsforskning har gjort ei undersøking som viser at inntil 40 prosent av alkoholkonsumet til ein person tilsett i private bedrifter er arbeidsrelatert. Talet omfattar alkoholinntak med kollegar utanfor arbeidstid, som «fredagspils».

Dette er AKAN-opplegg

Bedrifter med AKAN-opplegg skal tilby tilsette med rusproblem, og som har fått åtvaring, eit individuelt tilpassa støtteprogram. Programmet skal ha ein fast struktur og omfatta tiltak både internt i bedrifta og eksternt, til dømes i samarbeid med klinikk eller behandlingsinstitusjon.

På arbeidstakaren sitt initiativ kan det og etablerast eit uformelt AKAN-opplegg utan at det er gitt åtvaring. Det blir lagt opp som det formelle, men utan at arbeidsforholdet er sett på spel.

Åtvaringar i AKAN-samanheng tyder åtvaring gitt av nærmaste overordna. Ei munnleg åtvaring blir følgt opp av personleg samtale med tilbod om støtte og assistanse, og frivillig deltaking.

Ved gjentaking av regelbrotet skal det gjevast skriftleg åtvaring der den tilsette får eit val mellom AKAN-opplegg og vurdering av tilsetjingsforholdet. Fleire brot blir følgt opp med ei ny skriftleg åtvaring.