Det var sist fredag at kystvakta førte trålaren inn til Måløy, der fartøyet er blitt halde tilbake sidan. I går bestemte politiet seg for reaksjonen.

— Vi har ilagt det færøyiske reiarlaget SPS Newco eit førelegg på 175.000 kroner og skipperen om bord på «Atlantisfarid» eit førelegg på 25.000 kroner, opplyser politiadvokat Nanna Aaby ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet meiner trålaren den 15. oktober fiska rundt 30 tonn makrell utan kvote i norsk økonomisk sone, rundt 60 nautiske mil rett vest av Bergen. Vidare meiner dei at skipperen ikkje har ført, eller har feilført, fangstdagboka, og han har heller ikkje meldt frå til fiskeridirektøren om at han var i norsk økonomisk sone.

Overfor politiet skal skipperen ha uttrykt at han ikkje har brote regelverket med vilje.

— Det er strenge krav til skipperen i slike saker, og det er nok med aktløyse for at han og føretaket kan straffast, seier Aaby til Bergens Tidende.