Som regel blir symptoma oppfatta som typiske aldringsfenomen: Hosting og harking, oppspytt og tung pust sjølv ved dei lettaste tak. Men ein enkel pusteprøve hos allmennlegen kan avsløre om det faktisk er KOLS (kronisk obstruktiv lungesjukdom).

Den snikande lungesjukdomen kan vere dødeleg, og rammar stadig fleire. Eldre røykarar over 75 år er spesielt utsette. Kring 1700 menneske døyr av KOLS kvart år, og dette er ei tredobling på tretti år, viser nye tal frå Universitetet i Bergen. Ei forskingsgruppe har kartlagt førekomsten av KOLS i Bergen og elleve kommunar i nærdistriktet.

— Kring 200.000 nordmenn har utvikla KOLS, men berre halvparten er klar over det sjølve, seier professor og overlege Amund Gulsvik på lungeavdelinga ved Haukeland sykehus til BT.

— Samfunnet og helsevesenet må no bli kjende med denne sjukdommen. Dette er den største pasientgruppa som er innlagt ved lungeavdelingane i landet.

Røykarar i faresona

I ni år har bergensforskarane fulgt 2500 tilfeldig utvalde hordalendingar i aldersgruppa 26-82 år. Materialet skal leggjast fram på ein europeisk lungelegekongress i Stockholm i september.

Dette er nokre av konklusjonane til bergensforskarane:

  • Nær ti prosent av befolkinga har KOLS
  • Menn får hyppigare KOLS enn kvinner
  • Førekomsten er større hos røykjarar enn ikkje-røykjarar
  • Di høgare alder, dess større sjukdomsførekomst. Materialet viser at ca. 27 prosent av alle over 75 år lir av KOLS. Blant dei som er yngre enn 60 er berre 3-4 prosent ramma av lungesjukdomen.

- Ta ein pusteprøve!

Ettersom det er lite kunnskap om sjukdomen i Norge, kan folk som trur dei til dømes har astma eller kronisk bronkitt vere feildiagnostiserte. – Alle som har langvarig kronisk hoste, oppspytt og tung pust bør ta ein enkel pusteprøve hos legen sin. Plagene kan nemleg skuldast KOLS, seier Gulsvik.

— Kva kan gjerast for pasientgruppa?

— Skadene kan ikkje reverserast, men diagnosen kan få dei til å slutte å røyke. På lungeavdelingane får desse pasientane surstoff, legemiddel, hjelp til ventilasjon og utviding av luftvegane.

Ifølgje WHO døyr tre millionar menneske av sjukdomen kvart år. Kring 600 millionar menneske er ramma, men berre 25 prosent får rett diagnose. – Det er forventa at KOLS kjem til å vere den hyppigaste dødsårsaka i Europa i 2020, seier Gulsvik til BT.

Denne helga samlast spesialistar frå heile landet i Oslo, for å oppdatere seg på sjukdomen og ulike behandlingstypar.