RAGNHILD HOV

Det viser berekningar som norske forskarar har gjort på grunnlag av undersøkjingar frå USA, Australia, Danmark og England. I Noreg er det ingen som sikkert veit kor mange som årleg vert skadde på grunn av feilbehandling frå helsepersonell.

Direktør Erling Breivik i Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) seier at ein på grunnlag av berekningane ikkje kan seia kor i helsesektoren dei alvorlegaste feilbehandlingane skjer. Men faren for dødsfall vil alltid være størst ved store operasjonar eller omfattande og langvarig behandling.

3000 melder krav

I år vil truleg 3000 pasientar melda krav til Norsk Pasientskadeerstaning (NPE).

Vel ein tredel av desse pasientane kan rekna med at dei vil få utbetalt erstatning. I fjor betalte NPE ut 380 millionar kroner. Gjennomsnittsutbetalinga pr. pasient var 470.000 kroner. Sidan 1988 då pasientskadererstatninga vart oppretta, er det i alt utbetalt 2 milliarder kroner til feilbehandla pasientar.

Det er skader i musklar og skjelettet som oftast vert meld til ordninga. I fjor var heile 40 prosent av dei meldte skadene, muskel— og skjelettskader. 14 prosent av dei meldte skadene, var skader etter kreftbehandling 16 prosent var skader i fordøyelsen og sirkulasjonssystemet.

Sidsel Høydal frå Askvoll måtte venta i to år og fem månader før saka hennar vart endeleg avslutta frå NPE si side. Det tok noko lenger tid enn vanleg sakshandsamingstid som er to år.

Direktør Breivik vedgår at mange pasientar vert utolmodige av å venta.

— Vi legg vekt på at behandlingstida skal vera rask. Det er også eit mål å korta ned tida. Men vi må på den andre sida også sikra at sakene får ei grundig og forsvarleg behandling, seier han.

Pasientskadeerstatningsordninga er utforma slik at ho ikkje legg skuld på einskildpersonar. Det meiner dei som administerer ordninga, er ein stor fordel fordi ordninga slik ikkje gjev rom for å leita etter syndebukkar.

— Vi meiner det gjer det lettare for pasienten å melda feil samstundes som det gjer helsepersonell tryggare i arbeidssituasjonen, seier Breivik.

Pasientkampanje

I haust vil NPE også ta eit tak for å styrka pasientane sin kjennskap til erstatningsordninga. Ein nytt spesialtilpassa nettstad er laga til, brosjyrer skal sendas ut til alle sjukehusa og pasientombuda skal skolerast betre i å rettleia pasientane om ordninga.

Målet er at alle som vert feilbehandla, skal få erstatning. Samstundes er det også viktig å gje pasientane realistiske forventningar til kva erstatninga kan gje og kor stort beløp ein kan venta å få.