Dette opplyser sjøfartsdirektør Rune Teisrud til Bergens Tidende.

— Vi må gå ut frå at dette er folk som ikkje vil flytte. Det er klart at dette er bekymringsfullt. Eg har heile tida vore redd for ikkje å få med kompetansen om direktoratet blir flytta. Kompetansen sit i hovuda på folk, og den er opparbeidd gjennom mange år, seier Teiserud.

Aksjon

— Det er heilt klart at dette er ein aksjon. Alle foreiningane her har sendt ut informasjonsskriv til medlemene sine. Som tillitsvalde for dei tilsette har vi gjeve dei av medlemene våre som ikkje kan tenkje seg å flytte, råd om å førebu seg på at det kan bli fatta vedtak om flytting, kor meiningslaust eit slikt vedtak enn er, seier Ingrid Bjercke til Bergens Tidende. Ho er tillitsvald for Skipskontrollørenes forening.

— At det er realisme i dette, er heilt klart. Sjølv søker eg jobbar, og det er heilt klart at eg treng attest for å vise for meg for å kunne kome vidare. Eg har vore 15 månadar i direktoratet.

— Vi er veldig opptekne av det vi driv med. Alle vi som arbeider her, veit at det krevst omfattande opplæring internt for å kunne meistre jobben. Det er ikkje realisme i å rekruttere frå skulebenken, Bjercke.

95 prosent vil slutte

Med frådrag frå permisjonar og ledige stillingar meiner Bjercke at 215-220 nå er tilsett i direktoratet. Nokre har reisefråver. I går kom det til fem nye som kravde sluttatest slik at talet kom opp i 202. Etter det er det berre 10-15 av dei tilsette som ikkje har bede om sluttattest. 95 prosent har dermed bede om sluttattest.

— Det har vore signalisert tidlegare at ytterst få ville flytte med, om direktoratet blir flytta. Vi har hatt ei undersøking her på huset om korleis vi kunne greie å halde på folk. Den viste at fem kunne tenkje seg å flytte med og at ytterlegare 25 kunne tenkje seg å bli med om ei rad vilkår vart oppfyllt. Det dreide seg om krav om service og ytingar, seier Teisrud,

Krev store ressursar

Teisrud seier at det blir meir alvor når folk bed om attestar for å søke ny jobb.

— I neste omgang vil det måtte krevje bruk av store ressursar til intensiv opplæring av nye folk, legg han til.

Teisrud opplyser at alle som har bede om sluttattest sjølvsagt skal få det. Det har dei krav på. Det inneber at direktoratet nå må bruke mykje tid på å utforme attestar.

— Reknar du nå med at det blir flytting, at toget har gått?

— Det er det opp til Stortinget å avgjere. Vi avventar resultatet derfrå, seier Teisrud.